Banksjef Arne Henning Falkenhaug og ordførar Simen Bjørgen gratulerer kvarandre med møtesalen på Midtgard.

Banksjef Arne Henning Falkenhaug og ordførar Simen Bjørgen gratulerer kvarandre med møtesalen på Midtgard.

Fornya sal og ekstra møterom

Ny kommunestyresal

No står den ombygde kommunestyresalen klar. AS Midtgard har bygt om salen for framtida. Banksjef Arne Henning Falkenhaug og ordførar Simen Bjørgen gratulerte kvarandre då dei fekk overrekt nysalen frå Odd Arne Kroken i AS Midtgard.

Banksjef Arne Henning Falkenhaug og ordførar Simen Bjørgen gratulerer kvarandre med møtesalen på Midtgard.

Publikum tek i bruk den nye møtesalen på Midtgard.
Publikum tek i bruk den nye møtesalen på Midtgard.

Ny sal for fleire brukarar

Eigentleg var det Lars Kvalheim som burde stått her, innleia Kroken. Det var han som starta og dreiv fram prosessen. Resultatet fekk han ikkje sjå, men vi er godt tilfredse med resultatet, sjølv om det har kosta, heldt Kroken fram. Både kommunen og banken treng eit slikt lokale, "kommunestyresal" blir ikkje heilt dekkjande heretter. Det blir ein "fleirbruksal", for å låne litt terminologi frå eit anna prosjekt.
Demonstrasjon av nytt AV-utstyr på møtesalen på Midtgard.
Demonstrasjon av nytt AV-utstyr på møtesalen på Midtgard.

Tekniske hjelpemiddel

Salen har ikkje vorte fornya sidan Midtgard vart bygt, så tida var inne for ei fornying. Den nye salen har ljose fargar og ljosarmatur. Salen er utstyrt med dei tekniske hjelpemidla ein treng i ein slik sal i dag. IT-konsulent Gaute Husom demonstrerte det nye AV-utstyret for dei frammøtte.
Ny møtesal på Midtgard i den gamle kommunestyresalen.
Ny møtesal på Midtgard i den gamle kommunestyresalen.

Nyskapande med rot i tradisjonen

Ljoset skal kunna sløkkjast heilt, men det vil stort sett vera noko ljos på, bortsett frå om natta. Nesten alt er fornya, både møblar, fargar og det heile. Men eine veggen med hjeltreko-panel vitnar framleis om Lom kommune sin identitet og Torbjørn Fjeldstad sin arkitektur.
Nytt møterom på halve galleriet.
Nytt fint møterom på halve galleriet

Møterom på galleriet

Halve galleriet er bygt inn som eit møterom, også dette nytt, ljost og med det tekniske utstyret ein treng i slike rom i dag. Det er all grunn til å gratulere AS Midtgard og hovudbrukarane Lom kommune og Sparebank 1 Lom og Skjåk med fornyinga.
Tips ein ven Skriv ut