Framside/Tenester til deg/Helse og rehabilitering
Skjermbilde 2016-05-13 kl

Ny nasjonal IKT-løysing for fastlegeordninga

Måndag 6. juni kjem det ei ny nasjonal IKT-løysing for fastlegeordninga.

Kva er nytt?

På «Min helse» på helsenoreg.no kan innbyggarane finne oversikt over alle fastlegane i landet, samt bytte fastlege om dei ynskjer det. Den viktigaste endringa no er at løysinga vert ny, og vil innehalde betre informasjon om fastlegen og fastlegekontoret. 

Ikkje høve å bytte fastlege ved overgang til ny løysing

I samband med overgangen til ny løysing, vil dei fleste tenestene ikkje vere tilgjengelege frå og med onsdag 1. juni. Nedetida gjer at:

  • Innbyggarar ikkje kan bytte fastlege, korkje på helsenoreg.no eller ved å ringe 800HELSE (800 43 573). Det vil heller ikkje vere mogleg å søke i oversikt over fastlegar på dei opne sidene.
  • Sakshandsamarar hos Helfo kan ikkje legge inn nye fastlegeavtalar eller endre eksisterande avtalar.

Tenestene skal etter planen vere tilgjengelige att frå og med måndag 6. juni. I den fyrste perioden kan systemet vere treigt eller ustabilt.

Tips ein ven Skriv ut