Synnøve S Heggem

Innsetjing sundag 17.oktober

Ny sokneprest i Lom

Sundag blir Synnøve Sakura Heggem innsett som sokneprest i Lom. Det blir med det skrive kyrkjehistorie i Lom, då ho blir den fyrste fast tilsette kvinnelege soknepresten i bygda.
Prosten vil stå for innsetjinga av nypresten.
I messa i Lomskyrkja vil m.a. Lom spelmannslag, Lom barneklang og Lomsklangen vera med.
Etter messa blir det kyrkjekaffi på Fossberg med fleire innslag.
Vi ynskjer Synnøve Sakura Heggem velkomen til presteteneste i Lom!
Tips ein ven Skriv ut