2016Arbeidsgjevarstrategi

Nytilsettdag Lom kommune

Som ein del av Lom kommune sin arbeidsgjevarstrategi skal det vere ein samankomst for dei nytilestte kvart år i regi av ordførar, administrasjonssjef og rådgjevar personal. Dagen skal bidra til at alle medarbeidarar får ein felles identitet og ei felles forståing av korleis kommunen er oppbygd, kva oppgåver kommunen skal utføre, kva kommunen forventar av sine medarbeidarar og kva kommunen vil bidra med som arbeidsgjevar.

I tillegg til samankomsten har vi eit introduksjonsprogram for nytilsette. Målsetjinga med introduksjonsprogrammet er mellom anna:

  • At den tilsette skal kjenna seg velkomen til Lom kommune og, raskast mogleg kunne oppleva mestring, trivsel og utfordringar i ein ny arbeidssituasjon
  • At den tilsette etter kort tid skal kunne identifisere seg med Lom kommune og med det arbeidet som skal utførast på den enkelte sin arbeidsstad

 

På bilde ser du Bjørn Bakke, Laila Frøise, Raol Taylor, Trond Kielland Byre-Haakensen, Bjarne Eiolf Holø, Ingunn Eide, Trine Solberg Johansen, Arlin Røhr, Elisabeth Lyngved, Halldis Kvålshagen, Linn Beate Gule Wiik.

Tips ein ven Skriv ut