Lom ungdomsskule si markering av 22.juli
2011-08-22
Lom ungdomsskule starta det nye skuleåret rundt blodbjørka skulen har planta som minnesmerke over ugjerninga 22.juli.
8.kl. rundt blodbjørka
2011-08-11
Det er skulestart for alle klasser måndag 22.august.
2011-07-01
Elevane trivst med lærarane sine. Mobbing finst knapt. Snittkarakteren i eksamen norsk hovudmål er så høg som 4,3, og resultata på dei nasjonale prøvene er betre enn nokon gong. Dette er berre ein del av det som kjem fram i tilstandsrapporten 2011 for skulane i Lom.
2011-05-05
Som ein av åtte kommunar i Oppland deltek Lom i den statlege satsinga Vurdering for læring. Sist tysdag var Aud Sørhage, lærar ved Lom ungdomsskule, i direktoratet og la fram eksempel frå klasserommet for 40 kommunar frå heile landet.
2011-04-11
Hiphop og break i gymmen er truleg ikkje kvardagskost for lomselevane. Derfor sette dei ekstra stor pris på å få ein heil dansedag. Også lærarane deltok med liv og lyst.
2010-12-10
Samanlikna med dei andre norddalskommunane drikk barn og unge i Lom lite brus. Dette og mykje anna kan vi lese i rapporten Fysisk aktivitet blant barn og unge i Nord-Gudbrandsdal. Rapporten er resulat av ei undersøking blant alle 4.- og 10.klassingane i regionen om fysisk aktivitet, kosthald og skjermvanar. 81% av lomselevane er fysisk aktive 1-5 gonger i veka, omtrent på nivå med andre norddalselevar.
2010-11-17
Resultata frå nasjonale prøver i engelsk er nå publisert.
5.klasse og 8.klassse i Lom ligg over landssnitt og har aldri tidlegare hatt så få elevar på dei lågaste nivåa.
2010-11-04
Resultatet på nasjonale prøver i lesing vart publisert denne veka.
Lom ungdomsskule har aldri hatt betre resultat, noko rektor Tore Mundal naturleg nok er svært tilfreds med. Også fungerande rektor ved Loar skule, Torlaug Øyen, er godt tilfreds.
.. men usikkerheita held fram
2010-10-05
Fylkesutvalet valde i dag å utsette handsaminga av forslaget om å legge ned bygg- og anleggsfag ved den vidaregåande skulen i Lom. I staden vert det nå ei breiare utredning av heile skuletilbodet i Nord- og Midt-Gudbrandsdalen.
2010-09-30
Tiltandsrapporten for skulane i Lom 2010 er nå lagt fram for kommunestyret. Her ser vi at Lom har gode resultat på dei fleste område det er målingar på. Dette gjeld både læringsresultat, læringsmiljø og fråfall.