Bildet syner utsnitt av skiltplanen

Bildet syner utsnitt av skiltplanen

Nytt køyremønster på Fosstuguområdet

I samråd med Statens vegvesen, Lensmannen i Lom, Oppland Fylkeskommune og Fjord 1 vert det varsla at køyremønsteret på Fosstugu- området vert endra.
Endringane rører interntrafikk på Fosstugu-området samt avkøyring frå Fv. 55 mellom Kræmarhuset og Murgarden, med innføring av felles køyreretning på heile området (mot sola).

• Avkøyring mellom Kræmarhuset og Murgarden blir einvegskøyrd (innkøyring)

• Skilting av gågate f.o.m. Kræmarhuset og Lom og Skjåk bokhandel til Flækøybygget og Bakeriet i Lom. Varetransport er tillate i gågata.

• Avkøyring mellom Murgarden og Statoil vert fortsatt tovegs, men det vert ikkje tillate med innkøyring til Fosstuguområdet frå denne sida.

Sjå elles skiltplan, vedteken juli 2012 som syner plassering av nye skilt og køyremønster.

Skiltplan 2012

Arbeidet vil bli gjort torsdag og fredag denne veka, og endringane trer i kraft frå den dato skilta er oppsett og avdekka.

Tips ein ven Skriv ut