Framside/Tenester til deg/Helse og rehabilitering

Nytt kontor for tildeling av tenester i pleie og omsorg

Tildelingskontoret er ei ny felles teneste for Lom og Skjåk.  Tildelingskontoret tek i mot og behandlar søknader om tenester i pleie og omsorg. Rettferd og likskap er ei rettesnor for kontoret.

Felles for Lom og Skjåk

Tildelingskontoret har ein kontordag i Lom. Felles tildelingskontor har 3 stillingar eller 2,5 årsverk. Dette er dekt gjennom eksisterande stillingar i Lom og Skjåk.

Rettferd og likskap

Rettferd og likskap mellom folk og mellom våre kommunar er ei rettesnor for kontoret. Nokre døme er pris på tenester, saksbehandling og innhald i ei tildelt teneste.

Tilsette

Elin Husom, Guro Einbu og Marit Larsen er tilsett på kontoret. Tildelingskontoret er ei administrativ teneste med krav til fagkunnskap på helse og saksbehandling. Dei tilsette har kompetanse som hjelpepleiar med psykiatri, sjukepleiar, ergoterapeut og saksbehandlar- og juskompetanse.

Kontakt

Kontor: Kommunehuset i Bismo

Telefon: 905 62 291

Epost: tildelingskontoret@skjaak.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut