Legevakt116117

Legevakt116117

Nytt nasjonalt legevaktnummer 116117

Frå 1. september har legevakta same nummer i heile landet: Det sekssifra nummeret 116117 (hundreogseksten-hundreogsøtten). Frå den datoen vil du koma fram til legevakta der du er uansett kvar i landet du ringer frå. Nummeret fungerar både frå fasttelefon og mobil, og er gratis. 

Oppgåvefordelinga mellom fastlege og legevakt blir ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekkja hjelp der det hastar, og som ikkje kan handterast av eigen fastlege.

 

Det gamle nummeret til legevaktsentralen vil fungera som før(61 70 08 00). Det kan brukast dersom ein ynskjer å nå ei annan legevakt enn der ein ringer frå. Dette kan vera naudsynt til dømes om ein ringer på vegne av eit sjukt familiemedlem som oppheld seg i ein annan kommune.

Ring fyrst!

Legevakta er open for telefonar heile døgnet. Det er ei dei fleste tilfelle best at du ringer på førehand for å få ei vurdering av situasjonen, og tilbod om relevant hjelp. 

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringa?

  • Fastlegen din i opningstida
  • Legevakt 116117 når fastlegen din ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta
  • 113 når det er akutt og står om liv
Tips ein ven Skriv ut