Vår

Nytt til næringslivet, 2.utgåve 2017

Her kan du lese årets andre nyheitsbrev!

Ynskjer du å få tilsendt nyheitsbrevet på e-post, si i frå til ashild.amundsen@lom.kommune.no
Det gjeld også om du har tips eller innspel på innhald.

Omsetning pr. innbyggjar i detaljhandel_2001-2016
Omsetning pr. innbyggjar i detaljhandel_2001-2016

Positiv vekst i 2016

  • Innbyggjartalet i Lom har gått opp med 13 personar, primært på grunn av høge fødselstal og innvandring. Det høyres kanskje ikkje så voldsomt ut, men vi må faktisk attende til 2003-2004 for å finne tilsvarande tal. 
  • I 2016 var det 189 000 gjestedøgn i Lom. Dette er ei auke på ca. 8,4 %. Historiske oversikter frå 2001-2016 viser at gjestedøgnstala aldri har vore høgare!
  • Og sist, men ikkje minst - ferske omsetningstal viser at omsetning pr. innbyggjar i detaljhandel i Lom no er oppe på kr. 89 000 pr. innbyggjar. Det er ei relativt stor auke frå 2015, som også var eit godt år. Sjå tabellen for meir info,
Næringsfond, høyring
Næringsfond, høyring

Høyring: nye reglar for bruk av næringsfondet

Reglar for bruk av næringsfondet har vore under revidert den siste tida, og no kan vi endeleg presentere høyringsutkasta.
Fram til 15. mai håper vi at du nyttar anledninga til å si di meining!

Finn høyringsutkasta og meir informasjon om dette her

Norddalen Fysioterapi og Akupunktur
Norddalen Fysioterapi og Akupunktur

Opnar avdeling i Lom

Norddalen Fysioterapi & Akupunktur v/ Sivert Jonassen har opna opp avdeling i Lom. Frå før driv han i Vågå.
Han deler nyoppussa og ljose lokale saman med Svanhild Lyngved, som har starta opp att Lom Akupunktur etter permisjon.
Dei held til på baksida av Coop-bygget. Lom kommune ynskjer lykke til - ta gjerne turen innom dei!

Utdeling av næringsprisen til Svein Garmo ved Fossheim Hotell

Foreslå kandidat til årets næringspris

Fjorårets pris gjekk til Svein Garmo på Fossheim Hotell. Kven fortener årets pris?

Næringsprisen kan gjevast til verksemder, enkeltpersonar eller institusjonar som har utmerka seg i næringssamanheng, og såleis vore ein god ambassadør for bygda.
Formannskapet gjer vedtak om utdeling av prisen. Send forslag på kandidat til:
Lom kommune, Midtgard, 2686 Lom eller på e-post post@lom.kommune.no innan 25. mai 2017.

Høg aktivitet på sumaren
Høg aktivitet på sumaren

Handelsanalyse for Fossbergom

I samband med søknaden om å få utvida statusen som typisk turiststad utover 15. mai til 15. september vart det avgjort at det skulle bli utarbeidd ei handelsanalyse for Lom.
Arbeidet har vore gjennomført av Østlandsforskning, og er eit spleiselag mellom Lom kommune og handelsstanden.

Rapporten konkluderar m.a. med at "tilgjengelige trafikkdata og overnattingstall at Lom har kraftige sesongsvingninger i besøkstallene. Sommersesongen skiller seg ut som en høysesong, mens besøkstallene i skuldersesongene mars-mai og september-oktober ligger også godt over tallene for vintersesongen. Omsetningstall for varehandelen i kommunen bekrefter sesongvariasjonene i besøkstall".

Analysen kan du lese her: http://www.ostforsk.no/wp-content/uploads/2017/04/201708_Lom_som_typisk_turiststed.pdf

Praktisk kurs i innovasjon, oppstart i mars

Tilbod om grunnkurs i styrearbeid

Målgruppa er personar utan styreerfaring som vurderer å engasjere seg i styrearbeid, eller styremedlem som treng ei oppfrisking av kunnskapen. Her kjem du innom tematikk som stiftinga, registrering, økonomi, administrasjon, ansvar og oppgåver, strategiarbeid, årsmøter m.m.

Kurssted/dato: Dombås, Frich, 30.mai eller Vågå, Bokhandel’n, 31.mai.
Kurset går frå kl. Kl. 18.00 – 21.30 og kostar kr. 500,- pr deltakar. Kursinstruktør: Forretningsutvikler Harald Granrud, Skåppå Kunnskapspark AS
Frist for påmelding: 20.mai 2017. Påmelding og evt. spørsmål om kurset, epost: harald@skappa.no

Status pr. 25. april 2017
Status pr. 25. april 2017

Opning av nye Brimibue

Eit nytt bygg veks fram i sentrum! Laurdag 17. juni kjem stortingspresident Olemic Thommessen til Lom for å opne "nye Brimibue".
Det er dei fire gründerane Ingunn Lyngved, Dan-Robin Leirvåg, Trine Turtum og Tina Brimi som står bak nysatsinga, med utgangspunkt i Arne Brimi sin matfilosofi.
Det er ingen tvil om at dette vil bli eit spennande supplement til det som alt finst på Bergom, og eit ytterlare løft for Lom som ein matdestinasjon. Det er berre å glede seg!
Heile artikkelen om opninga kan du lese i Fjuken si nettutgåve.

Stokk & Stein 20 år!
Stokk & Stein 20 år!

Stokk og Stein 20 år!

27. april 2017 var det 20 år sidan Stokk & Stein AS vart stifta av Sverre Sørumgård, Edvin Espelund, Halvor Dalen, Ulf Ryen, Harald Rune Øvstedal og Stig Brandal. Verksemda har utvikla seg til å bli ein viktig arbeidsplass i Lom, og har også hatt store og prestisjefulle oppdrag utanom Nord-Gudbrandsdalen. To døme på dette er m.a. Soria Moria i Holmenkollen og Norges tusenårsgave til Island, stavkirka på Vestmannaeyar. Stokk & Stein var også vinnar av Bygg og Bevar-prisen i 2014.
Lom kommune gratulerer!

Skiltet kjem opp
Skiltet kjem opp

Stort og smått frå Lom og omegn

  • Arne Brimi vant Horecabransjens Ærespris i februar i år. Prisen vart delt ut på Smaksmesse på Lillestrøm. Juryen skriv m.a. at han har vore ein "fremragende ambassadør for norsk matkultur i over 30 år, både nasjonalt og internasjonalt. Lom kommune gratulerer! Meir om prisutdelinga finn du her:
  • Under Nordens perler på TV3 fekk både Brimi Sæter særs god omtale og ni av ti "perler". Heile innslaget var flott marknadsføring av sætra, men også m.a. Bakeriet i Lom, Jotunheimen og Lom. Fekk du ikkje med deg epioda? Da kan du sjå den gratis på Viafree, finn link her:
  • Tysdag 9. mai kl. 8.30-10.00 blir det eit frukostmøte på Otta. Tema blir "mobilisering for det videregående skoletilbudet i regionen som følge av strammere økonomiske rammer og stadig synkende elevtall. Nå må næringslivet inn og engasjere seg for å sikre at vi beholder de tilbudene som er viktige for regionen".
    Påmelding til Arne C. Mæhlum innan 5. mai, e-post arne.christian.mehlum@nav.no
  • Den 3. og 4. mai blir det arrangert konferanse i Skjåk, med fokus på klima, miljø og lokale moglegheiter. Du kan lese meir om konferansa her
  • Førre frukostmøte i Lom fekk gode attendemeldingar på evalueringsskjemaet og rundt 40 deltakarar. Neste frukostmøte i Lom er planlagt 24. oktober.
  • Hugs å søkje om produksjonstilskot i jordbruket innan 15. mai (for dei med husdyrsproduksjon). Sjå meir informasjon her
  • Ny søknad om tilskot til breibandsutbygging i Lom og Nord-Gudbrandsdalen er under utarbeidelse. Kvar kommune har valgt ut eit prioritert område - du kan lese meir om dei prioriterte områda her.
  • Det 30. Galdhøpiggrennet i moderne tid vart gjennomført på laurdag 22. april. 150 deltakarar trossa sterk vind - les meir om rennet her
  • Informasjonstavla i industriområdet er endeleg fullført, i kombinasjon med skilting til mange av verksemdene. Takk til næringslivet, Statens Vegvesen og Regionrådet som har vore med på å finansiere arbeidet.
Tips ein ven Skriv ut