Framsidebilde haust

Framsidebilde haust

Nytt til næringslivet, 3. utgåve

Her kan du lese årets tredje nyheitsbrev!

Ynskjer du å få tilsendt nyheitsbrevet på e-post, si i frå til ashild.amundsen@lom.kommune.no
Det gjeld også om du har tips eller innspel på innhald.

Klubben i Vågå. Foto: Klubben
Foto: Klubben

Korleis kan kommunane organisere næringsarbeidet sitt? Si di meining på næringspub 31. august!

Næringskoordinatoren i Vågå og næringssjefen i Lom ynskjer velkommen til uformelle treff for alle næringsdrivande i kommunane.
Den fyrste næringspuben blir arrangert torsdag 31. august kl. 20 på Klubben i Vågå, med følgjande program:

- Skåppå AS (tidlegare Næringshagen Nord-Gudbrandsdalen m.fl.) vil presentere seg og fortelje korleis dei kan bistå næringslivet
- Workshop: korleis ynskjer du at kommunane skal organisere næringsarbeidet sitt?

Målsettinga med kveldane er å etablere ein uformelt møtestad for å  utvikle nye nettverk, høyre om og lære av andre sine erfaringar. Vi håpar på god stemning og nyttig erfaringsutveksling! I utgangspunktet er det fritt fram for å kjøpe seg mat og drikke sjølve, men sidan det er fyrste gongen blir det servert gratis pizza :-) Arrangementet er ope for alle.

Mari Wedum. Foto: privat
Mari Wedum. Foto: privat

Ny dagleg leiar i Visit Jotunheimen

Gamal nyheit for dei fleste kanskje, men likevel verdt ei omtale.
Martine Hårstad ga seg som dagleg leiar i Visit Jotunheimen denne våren, og har no flytta attende til Oppdal. Synd for Lom, men det er i alle fall grunn til å takke for ein flott innsats i Visit Jotunheimen. Heldigvis er ein ny dagleg leiar på plass, ei sprudlande dame frå Øyer som heiter Mari Wedum. Med bakgrunn som journalist og TV-reporter er det grunn til å tru at det blir mange fine oppslag frå Lom framover! Ta godt i mot ho :-)

Oppland Fylkeskommune_Grøn framtid
Foto: Oppland Fylkeskommune

35 millionar i tilskot til eit grønare næringsliv - frist 30. september

Oppland Fylkeskommune ynskjer å støtte næringsaktørar og gründerar som kan bidra til ei grønare framtid, og har sett av millionar som DU kan søkje på!
Sjølv skriv dei dette om ordninga: "Formålet med støtteordningen er å videreutvikle og teste ut løsninger i markedet. Midlene skal bidra til å utvikle prosjekter med kommersielt potensial som gir positive klima- og miljøeffekter".

Det har allereie vore ein søknadsfrist i år, den neste går ut 30. september. Les meir om ordninga her: https://www.oppland.no/gronnframtid/

Geir Inge Kirkestuen kjem til frukostmøtet. Foto: Privat
Geir Inge Kirkestuen skal halde innlegg på frukostmøte. Foto: Privat

Frukostmøte 24. oktober i Lom

Lom kommune, NAV og Visit Jotunheimen går nok ein gong saman for å arrangere eit frukostmøte for næringslivet, og denne gongen har vi invitert med oss Geir Inge Kirkestuen for å prate litt om sine erfaringar med snuoperasjonen Kirkestuen Transport gjorde for nokre år sidan, og korleis han og medarbeidarane jobba for å effektivisere verksemda og få betre resultat. Dette kan vere relevant for dei fleste, uansett bransje! Meir praktisk info kjem, følg med på Lom næringsforum på Facebook https://www.facebook.com/groups/kremen.av.lom/?fref=ts eller på heimesida til kommunen.

Frukostmøte på Otta
Frukostmøte på Otta

Korleis tørre å satse stort i Gudbrandsdalen?

NAV og Sel kommune inviterer til eit frukostmøte der tematikken er "korleis tørre å satse stort i Gudbrandsdalen", med Dialecta og Fjøssystemer som døme.
I programmet står det mellom anna dette: Fra enmannsbedrift til 700 millioner i omsetning på Fåvang. Hvordan er det mulig? Vi får innblikk i en eventyrlig reise for en liten familiebedrift som turte å satse utradisjonelt innen merkevarebygging, markedsføring og salg i en ”usexy bransje”. Her er det mange praktiske tips å ta med seg for næringsdrivende i alle typer bransje. Gled dere!

Arrangementet er gratis og ope for alle. Les meir om program og påmelding her: https://www.facebook.com/events/463309487366699/?fref=ts

Lomsfest 2017

Lomsfest 2017

Den 19. - 22. oktober blir Lomsfest 2017 arrangert for fyrste gong! I fire dagar vil Lom vere fylt av underhaldning og aktivitetar, god mat og drikke - og eit par rikskjendisar vil dukke opp. Målet er at alle lomværar og andre tilreisande skal finne noko interessant å delta på, og samlast til ei givande hausthelg i Lom sentrum. Arrangementet er eit samarbeid mellom kommunen, friviljuge og næringslivet, der alle står frie til å kome med arrangement og aktivitetar som blir sydd saman i eit felles program.

Fyrstkommande måndag 4. september blir det eit arrangørmøte på BrimiBue der det blir orientering om førebels program og vidare organisering.
Det vil sannsynlegvis også bli eit eige møte for handelsstanden via Lom næringsforening for ekstra koordinering av næringsaktørane.
Næringsaktørar kan ta kontakt med Mari Wedum (mari@visitjotunheimen.no) eller Åshild M.Amundsen (ashild.amundsen@lom.kommune.no) for innspel, friviljug sektor og andre kan kontakte festivalgeneral Trond Byre-Haakensen: trond.byre.haakensen@lom.kommune.no

Klimapark2469. Foto: Johan Wildhagen
Klimapark2469. Foto: Johan Wildhagen

Klimapark2469 har fått internasjonal pris for universell utforming

Det var under den internasjonale reiselivskongressen i Girona i Spania 18. mai at Klimapark2469 fekk prisen «Design for all foundationen award 2017» saman med fire andre kandidatar.Dette er eit diplom som blir utdelt til aktørar som har gjort ein spesiell innsats med universell utforming. 36 kandidatar var nominert til prisen.

Klimaparken er eigd i fellesskap av Lom kommune, Norsk Fjellmuseum og Oppland fylkeskommune.
– Det er ekstra stas når andre gir anerkjennelse for at vi legger godt til rette slik at alle skal få oppleve fylket vårt, sier fylkesordfører i Oppland Even Aleksander Hagen (Ap) til tidsskriftet Kommunal rapport.

Les meir om saka i Fjuken: http://www.fjuken.no/Nyheiter/2017/05/21/Pris-for-universell-utforming-14761577.ece

Offisiell opning av nye BrimiBue
Offisiell opning av nye BrimiBue

Fin opning av nye BrimiBue

Den 17. juni var det full fres i Lom. Da stod nemleg stortingspresident Olemic Thommessen for den offisielle opninga av BrimiBue, det nye restauranttilbodet i Lom.
BrimiBue held til i heilt nye flotte lokaler inntil Murgard, eigd av Magnar Mundhjeld. Det var fire spente gründerar som ynskja folk velkomne inn i den nye restauranten, som sel både mat og lokale varer. Det kom mykje folk til opninga, og mange av naboane kom innom for å gratulere.

Ein flott dag, og ei flott nyetablering i sentrum!

Ungt Entreprenørskao for 8. klasse. Foto: Ola Rossehaug
Ungt Entreprenørskap for 8. klasse. Foto: Ola Rossehaug

Unge entreprenørar i Lom

Lom kommune har ei samarbeidsavtale med Ungt Entreprenørskap Oppland, og ynskjer å stimulere til nyskaping og entreprenørskap hos dei unge som skal bu i Lom i framtida.
I vår vart det dermed gjennomført Vårt Lokalsamfunn for fjerdeklasse, slik det har vore gjort fast dei siste åra. I tillegg var 8. klasse frå Lom ungdomsskule inne for å gi sine bidrag til sentrumsutviklinga i Lom, i tillegg til nokre oppgåver knytt til kreativitet og innovasjon. Ein flott gjeng, og mange spreke idear som forhåpentlegvis vil sjå dagens ljos ein gong!

Jobbmesse i regi av NAV 20, september

NAV skriv følgjande:

Jobbmessa skal først og fremst være en møteplass mellom arbeidssøkere og bedrifter som søker nye medarbeidere. Vi ønsker også at personer som er i jobb, men er ute etter ny jobb skal besøke jobbmessa, såkalte jobbskiftere. En jobbmesse er en fin mulighet for bedrifter og kommuner til å markedsføre sin bedrift som en mulig framtidig arbeidsplass. Pressedekningen på messa har tidligere vært veldig god, så her kan en risikere gratis PR.

Utstyr som bør medbringes er gjerne en «roll up» om dere har dette, for å gjøre din bedrift så synlig som mulig. Brosjyre/informasjonsark om bedriften/stillingen. Har dere stillinger som dere vet kommer i nær fremtid så er det lurt å utarbeide et utlysning-/informasjonsark om dette. Det vil være tilgang på strøm og nett.

Vil du starte opp butikk i Lom? Spennande lokale ledig på Flækøy!
Vil du starte opp butikk i Lom? Spennande lokale ledig på Flækøy!

Smått og stort til slutt :-)

- Skal du utvikle noko nytt? Da kan det vere verdt å sjekke ut SkatteFUNN. Viss du hiv deg rundt så kan du rekke "garantifristen" 1. september, men det er mogleg å sende inn søknad etter den tid au: https://www.skattefunn.no/prognett-skattefunn/Hvem_kan_fa_stotte_og_hvor_mye/1253987666489?lang=no

- Det er nokre nyheiter under "ledige lokale i Lom", sjekk det gjerne ut viss du er på utkikk: http://www.lom.kommune.no/ledige-lokale-i-lom.5171138-155296.html

- Lom har gjort ei kraftig revidering av fotturkartet for Fossbergom. i tillegg til 20 000 opptrykte eksemplar finn du dei digitalt tilgjengeleg her: http://www.lom.kommune.no/turkart.261607.nn.html I tillegg er mange av turane også tilgjengeleg på www.ut.no.

- Turskiltprosjektet i Lom er no avslutta for Garmo og Fossbergom, og prosjektrapporten er levert. Sidan vi fekk tilskotet frå Oppland Fylkeskommune har det vorte sett opp over 300 turskilt, og ca. 100 km er merka opp att på nytt! Tusen takk til Gjensidigestiftelsen, Oppland Fylkeskommune, velvillige grunneigarar og ikkje minst dei som har bidrege med dugnadsinnsats! Det er registrert 565 timer med dugnadsarbeid! Mange har bidrege, men Egil Olav Nyrnes, Jan Erik Byre og Svein Garmo fortjener ein ekstra takk. Dei har gjort ein kjempeinnats.

- Lom kommune i samarbeid med fleire har over mange år kjørt ulike kurstilbod for næringslivet i Lom og omeng, sist haust var det eit kurs i digital marknadsføring. Vi ynskjer å køyre i gong eit nytt kurs hausten 2017 - har du forslag på kva som kan vere relevant? Kom gjerne med innspel! Fellestrekk er at det bør vere relevant for mange, og bidra til nettverksbygging og auka lokal verdiskaping.Så langt har vi hatt to BKA-kurs (servicekurs), fleire vertskapskurs, kurs i digital marknadsføring, kurs i opplevelsesdesign og kurs i bærekraft.

- Positiv artikkel frå GD angåande utviklinga i handelsomsetninga på Fossbergom sidan 2008. Les saka her (dessverre berre for abonnenter): https://www.gd.no/lom/handel/norddalen/turistene-tiltrekkes-av-lom/s/5-18-489398

Tips ein ven Skriv ut