I dette nyheitsbrevet:

Nytt til næringslivet i Lom - nr 3 - 2010

- Jubileum og ny butikk!
- Næringsmøte 8. november
- La G35 leve-aksjonen
- Hjelp og midlar til bedriftsutvikling
- Etterutdanningskurs i økonomi
- Aktivitetskonferanse
- To interessante nettstader

Jubileum og ny butikk!

Vi ynskjer 10-årsjubilanten Næringshagen i Nord-Gudbrandsdal til lukke med jubileet og håpar mange tek turen til ope dag i Lom næringshage i Murgarden på Fossbergom torsdag 28. oktober frå 11.00-13.00. B-young klesbutikk opnar 4. november kl. 11.00 i 2. etg over Coop Mega, og vi ynskjer dei velkomne i nasjonalparklandsbyen og til lukke med etableringa.

Næringsmøte 8. november

Lom kommune inviterer til ope møte med tema oppsummering av sommarsesongen 2010 måndag 8. november kl 19.30-21.00 på Norsk Fjellmuseum.

Det blir korte orienteringar om:

  • Kva meiner innbyggjarane om lokal næringsutvikling? Frå innbyggjarundersøking i Lom kommune ved Ola Helstad, administrasjonssjef i Lom kommune.
  • Sommarsesongen 2010; korleis har omsetnaden vore? Utviklingstrendar for handel og reiseliv ved Torill Bye Wilhelmsen, næringssjef i Lom kommune
  • Sentrumsutvikling på Fossbergom i 2010 og 2011 ved Gry Bystøl, prosjektleiar Liv i Lom.
  • Det blir tid til dialog, diskusjon og tankar kring årets sesong og korleis vi kan ta med erfaringane frå i år i den vidare utviklinga av reiselivet.

Enkel servering, gratis inngang. Velkome!

La G35 leve-aksjonen

Facebookaksjonen for produksjon av Gudbrandsdalsost i Lom og Skjåk meieriet held fram med stor styrke. Det er no over 43 500 tilhengarar av La G35 Leve! - aksjonen på facebook, og mange har skrive seg på den fysiske underskriftskampanjen i butikkane. TINE har utsett handsaminga av saka om produksjonen av Gudbrandsdalsosten i Lom og Skjåk meieri skal nedleggast til første kvartal i 2011. Det er viktig å halde trykket i aksjonen oppe for å vise TINE at dei som kjøper osten vil behalde produksjonen av Gudbrandsdalsost der den har sitt opphav og framleis høyrer heime - i Gudbrandsdalen.

Bedriftsutvikling - hjelp og midlar å få!

Lom kommune har i år ei avtale med Næringshagen i Nord-Gudbrandsdal om gratis gründerbistand og utviklingshjelp til bedrifter i Lom.

Om du ynskjer å nytte tenestene til næringshagen gjennom denne avtalen, kan du ta kontakt med næringssjef Torill Bye Wilhelmsen på torill.bye.wilhelmsen@lom.kommune.no eller telefon 48 22 15 15.

Som tidlegare kan du sjølvsagt og få slik hjelp frå næringskontoret i kommunen, men denne avtalen gjer at det er betre kapasitet og meir kompetanse tilgjengeleg for bedriftene og vi håpar det er mange som kan ha nytte av dette.

Innovasjon Noreg har signalisert at det er stor moglegheit for økonomisk støtte til gode bedriftsutviklingsprosjekter i vårt distrikt i haust, så om dykk sit på idear til vidareutvikling av eiga verksemd - ta kontakt med Torill.

Etterutdanningskurs i økonomi

Nord-Gudbrandsdal Næringsforening vil gjennomføre fleire kurs for rekneskapsførarar og økonomimedarbeidarar før jul:

  • 18.11.: Bokføringsloven og bokføringsforskriften med forslag til endringer (dekker 6 t bokføringsregelverk og 1 t regnskapsregelverk)
  • 25.11.: Formuefellesskap, arv og skifte (7 t rettslære)
  • 02.12.: Ny lov om samvirkeforetak (5 t rettslære)

Meir informasjon på www.ngnf.no eller kontakt Ole T. Muriteigen på post@ngnf.no, telefon 61 21 54 88 eller 91 10 87 25.

Aktivitetskonferanse

Idrettskoordinator for Nord-Gudbrandsdal Stian Høglien inviterer bedrifter til Aktivitetskonferansen 2010 i Otta kulturhus 24. november.

Sjå Regionrådet for meir informasjon.

Nettstad for gründarar

Ein ny nettstad for gründarar som vil vokse som handlar om konkurransekraft, kompetanse og kommunikasjon er lansert på:

www.k-plass.no

Ta ein kikk! Det er NTNU som står bak nettsida.

Idéportalen

www.ideportalen.no er ei nettside som koplar høgt kvalifiserte studentar med næringslivet, spesielt næringsliv i distrikta.

Du kan få studentar til å skrive bachelor eller masteroppgåve om ei problemstilling frå verksemda di, og finne studentar til sommarjobb eller andre kortare engasjement.

For å få fatt i dei flinkaste studentane er det viktig å planlegge ei utlysing av sommarjobb eller eit prosjekt på førehand. Næringskontoret kan veilede i å nytte denne nettstaden for å få tak i engasjerte og motiverte studentar.

Med ynskje om ein kreativ og innbringande haust,

Torill Bye Wilhelmsen
næringssjef
Lom kommune

Tips ein ven Skriv ut