igbeaa0mox5rchvuytv2

Nytt vedtak i juli for mottakarar av bustønad

Alle mottakarar får endringar i bustønaden for juni. Det blir sendt ut nytt vedtak 19. juli, medan utbetalinga er 20. juli. 

Endringar i vedtak om bustønad i juli 2017

Frå 2017 blir faktisk månadsinntekt nytta i berekninga av bustønad.

Stønaden blir berekna med den faktiske inntekta søkar har kvar månad, og ikkje med skatteoppgjeret slik regelverket var tidlegare. 

Informasjon som arbeidsgjevarar og NAV sender inn gjeldande løn, pensjon, stønad og andre utbetalingar blir henta automatisk inn. Det er når inntekta er utbetalt som gjeld, ikkje nåt inntekta er opptjent. Dette blir kalla kontantprinsippet. 

Netto formune og andre inntekter som kapitalinntekter, næringsinntekter og utenlandsinntekter i 2017, må søkar sjølv oppgje. Dette blir kalla meldepliktige inntekter. Det siste skatteoppgjeret blir automatisk nytta som grunnlag dersom søkaren ikkje har gjeve nye opplysningar. Opplysningane blir kontrollert i etterkant når skatteoppgjeret for 2017 er klart. 

 Søkaren får eit detaljert oversyn over alle inntekter og formue i vedtaket. På altinn.no(LENKE) kan søkaren logga inn og få innsyn i kva arbeidsgjevarar, NAV eller andre har rapportert inn. 

Søkar har fått utbetalt feriepengar

Feriepengar er skattepliktig inntekt på line med løn, og er med som inntekt i månaden pengane blir utbetalt. Det har ikkje betydning når utbetalinga blei opptjent. Feriepengar blir utbetalt utan skattetrekk, fordi skattetrekket blir gjort dei andre månadane i året. 

  • Søkar vil ikkje på medhald i ei klage på at feriepengar er med som inntekt. I fylje regelverket skal alle skattepliktige inntekter vera med i månaden dei blir utbetalt. Det er "kontantprinsippet" som gjeld. 
  • Dersom det er rapportert feil opplysningar, lyt søkar kontakta arbeidsgjevar eller NAV, og be om å korrigera, Når opplysningane er retta, kan søkar senda melding om det til bustønadskontoret i kommunen. Dei får da ei ny berekning.
  • Søkar har fått god informasjon om feriepengar i vedtak og informasjonsbrev. Alle kan logga inn på husbanken.no(LENKE) og lesa breva i meldingsinnboksen. Her kan ein logga inn på same måte som i nettbanken. 
  • Dersom søkar har fått avslag grunna for høg inntekt, blir saka automatisk vidareført til neste månad. 

Feil meldepliktige inntekter og formue

Det er enkelt å få retta opp ei sak med feil meldepliktige inntekter og formue. 

Søkar må klaga på vedtaket for juni med skjemaet "Bostøtte – klage på meldepliktige inntekter og formue". Skjemaet er enkelt å finne på husbanken.no(LENKE)

Søkar treng ikkje å dokumentera opplysningane, Opplysningane blir etterkontrollert når skatteoppgjeret for 2017 er klart. 

Søkar skal senda skjemaet på papir direkte til Husbanken for rask behandling.

Dersom søkar treng hjelp til å fastsetja nokon av dei meldepliktige inntektene eller netto formue i 2017, finn dei meir informasjon om dette på skatteetaten.no(LENKE) Dersom søkar ynskjer å snakka med nokon, bør dei kontakta Skattepllysningen på telefon 800 80 000.

 

Feil månadlege inntekter

Dersom søkar meiner det er feil i månadlege inntekter, må opplysningane rettast opp i Skatteetaten si a-ordning. 

  • Søkar må kontakte den som har utbetalt inntektene og be dei om å korrigera opplysningane. 
  • Når opplysningane er retta opp, kan søkar senda melding om det på papir til kommunen. Dei treng ikkje å dokumentera opplysningane – dei blir henta inn automatisk. 
  • Kommunen sendar meldinga vidare til Husbanken, som behandlar saka på nytt. 

Generelt om klager

Alle klager skal sendast inn på eige skjema på papir. Det er to ulike skjema; eitt for klage på meldepliktige inntekter, og eitt for for alle andre klager. Klage på meldepliktige skal sendast direkte til Husbanken, medan andre klager skal sendast til kommunen. 

Meir informasjon

På sida for søkarar på husbanken.no/bostotte(LENKE), finn du meir informasjon om regelverket, korleis søkar kan klaga, eller melda frå om endringar.

Nye søkarar blir oppmoda om å søka elektronisk. E-søknaden gjer det enklare å få bustønad, samstundes som søkar får tilgang til ulike tenester. 

  • Søkarar kan logge inn på same måte som i nettbanken, dei kan nytta smarttelefon, nettbrett eller PC
  • Søkar kan ta bilde av vedlegga som skal vera med. Søkarar i kommunale boligar treng ikkje å leggja ved dokumentasjon
  • Søkarar får berre spørsmål som er relevante for deira situasjon
  • Søkar slepp å fylla ut opplysningar som blir henta inn elektronisk – mange felt er allereie innhenta frå andre offentlege register
  • Alle søkarar har eigen meldingsinnboks. Der finn søkar vedtak og informasjonsbrev som har blitt sendt
  • Søkar kan melda i frå om endringar i meldepliktige inntekter og formue elektronisk
  • Fleire sjølvbetjeningsløysingar kjem snart

Ynskjer du å gjera deg kjend med e-søknaden, finn du ein demonstrasjon av dette på denne sida: husbanken.no/bostotte/kommune(LENKE)

Andre lenker: 

 

Tips ein ven Skriv ut