OL-dag på høgt nivå
Det var ivrige OL-deltakarar som var med da det blei arrangert OL-dag i Garmo barnehage onsdag formiddag. Mykje aktivitetar var det med både kombinert, langrenn, bob i akebakken og hopprenn med leikefigurar.
Klare for skikonkurranse.

I alt var det 14 barn, frå 2-6 år, som deltok. Ungane var delte inn i 5 grupper for så å gå rundt å finne postar som var plasserte rundt barnehagen. Dei fekk mellom anna synge, kaste erteposer, balansere på stolpe og renne seg i akebakken.
Lina fortel at ho tykkjer det er veldig bra at dei har OL-dag med mange forskjellige aktivitetar.
- Å gå på ski er det artigaste, fortel Lina.
Lina tykkjer det er løyle å gå på ski.

I Vancouver er det 1 vinnar, men i Garmo er ALLE vinnarar!
I Vancouver er vi så langt ikkje bortskjemde med gullmedaljar, men i Garmo fekk vi sjå at alle deltakarane vart premierte med både sjokolade og gullmedalje. I tillegg blei det servert OL-muffinsar som ungane sjølv hadde laga for anledninga.
Ungane hadde laga OL-muffinsar.
OL er gøy!
- Vi arrangerer OL-dagen for at ungane skal ha det gøy og for at dei lærar litt om OL. I tillegg venner dei seg til å drive ute, fortel ei av barnehagetantene.Inne i barnehagen fekk vi sjå at ungane hadde laga fin OL-utstilling med fleire bilete av dei olympiske ringane.