opning av ny-barnehagen

opning av ny-barnehagen ©odda barnehage

Opningsfest

Odda barnehage i nye lokale

I dag var endeleg barna i Odda barnehage på plass på Leirmo. Dei eldste barna har fylgd nøye med på prosessen, og vore på jevnlege inspeksjonar i haust for å passe at alt har vorte slik som dei har bestemt. Før helga bestemte dei at det måtte vere skikkeleg opning den fyrste dagen i ny-barnehagen med snorklipping og marsipankake. Foreldre, politikarar, kommuneadministrasjon og presse vart invitert.
kaker
kaker

Gave og kaker

Alle gjestene vart tykte at det var veldig fint i barnehagen. Barna var også tilfredse, spesielt da dei hadde tatt seg ei runde og fått forsikra seg om at alle leikene hadde vorte med. May Bakken hadde med seg innflyttingsgave til barnehagen; ei digital fotoramme som det har ryktast at dei har ynskt seg lenge. Gro Nørjordet hadde baka marsipankaker til opninga med pynt med motiv frå "Den grønne votten". Det var ikkje tilfeldig, barnehagen har nemleg Alf Prøysen som gjennomgangstema dette barnehageåret, og har arbeidd mellom anna med forteljinga om den grøne votten.
Flytting Odda barnehage
Flytting Odda barnehage

Flyttesjau

Å flytte er mykje arbeid, og det skal til ein del folk for å få ting unna. Torsdag var tilsette, vaktmester med mannskap, tre mødre og ein bestefar i full sving heile dagen. Det vart kjørt mange turar fram og attende, tatt mange tunge løft og gjeve mange beskjedar og kontra beskjedar. Det viser seg at det ikkje er lett å sjå for seg korleis ein vil ha ting før dei er på plass, så det var godt at mannskapet var utrusta med godt tolmod. Heldigvis ordna barna og dei vaksne i barnehagen med kringle og vaflar til heile gjengen, slik at det vart ei skikkeleg matpause. Tusen takk for innsatsen til alle saman!

Open dag i barnehagen på nyåret

Dei tilsette og barna har planar om å invitere til open dag i barnehagen etter jul, slik at alle i bygda kan få kome å sjå korleis dei har fått det på Leirmo.
Tips ein ven Skriv ut