Framside»Planar»Arealplanar under arbeid

Offentleg ettersyn av forslag til reguleringsplan for Røyskattlie 18

Lom formannskap gjorde i møte 08.04.2014, sak 31/2014, samrøysta vedtak om å legge forslag til reguleringsplan for Røyskattlie 18 ut til offentleg ettersyn. Formålet med planen er å legge til rette for omsorgsretta butilbod i tilknyting til Lom helseheim. Planforslaget er ute til ettersyn i seks veker, med høyringsfrist 23. mai.

Høyring

Høyringsdokumenta omfattar planskildring med risiko- og sårbarheitsanalyse, plankart i målestokk 1:1000, samt planføresegner. Plandokumenta er datert 26.03.2014.  I tillegg utskrift av behandling i Lom formannskap 08.03.2014.

Oversendingsbrev

Saksdokument, sak 31/2014

Planskildring med risiko- og sårbarheitsanalyse

Plankart

Planføresegner

Eventuelle spørsmål kan rettast til Lom kommune v/plan- og miljøvernrådgjevar Sander Sælthun på
tlf. 61 21 73 33, E-post sander.saelthun@lom.kommune.no. Uttaler kan sendast til Lom kommune, Midtgard, 2686 LOM, eller på e-post til post@lom.kommune.no . Høyringsfristen er sett til 23.05.2014.

Tips ein ven Skriv ut