Plankart fossbergom

Plankart fossbergom

Offentleg ettersyn av framlegg til kommunedelplan for Fossbergom

Lom formannskap gjorde i møte 30.06.2015, sak 42/2015, vedtak om å legge framlegg til revidert kommunedelplan for Fossbergom ut til offentleg ettersyn. Planområdet omfattar Lom sentrum og nærområda omkring, med same planavgrensing som for gjeldande kommunedelplan. Uttaler og merknader til planframlegget kan sendast til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 LOM, eller på e-post til post@lom.kommune.no. Frist for å koma med uttaler til planforslaget er sett til 07.09.2015. 

Høyringsdokumenta omfattar høyringsbrev, plankart, planskildring, konsekvensutgreiing med kartvedlegg, risiko- og sårbarheitsanalyse samt planføresegner. I tillegg er det lagt ved utskrift av behandling i Lom formannskap 30.06.2015.

Det vert orienteringsmøte om planframlegget på Norsk Fjellmuseum 17. august kl.18.

Høyringsdokumenta finn du ved å klikke på lenkene under (PDF):

Tips ein ven Skriv ut