Bilde frå planområdet i Eggjalia

Bilde frå planområdet i Eggjalia

Offentleg ettersyn av reguleringsplan for nærvarmeanlegg på Loms vestside

Lom kommune, Formannskapet vedtok i møte 05.03.2013, sak 7/2013 å legge forslag til reguleringsplan for nærvarmeanlegg i Eggjalia ut til offentleg ettersyn. (Jf. plan- og bygningslova § 12-10). Planforslaget er ute til ettersyn i seks veker, med høyringsfrist 19. april.

Tomt for fyrsentral

Formålet med reguleringsplanen er å klargjere tomt for fyringssentral. Det er gjort greie for val av tomtealternativ og foreslått regulering av ca 11 daa mellom Snikkarvegen og Rv. 15. Det har vore arbeida med plassering i Eggjalia i høve til terrengforholda, framtidig utbygging av gang- og sykkelveg langs Rv. 15, eksponering og transporttilhøve.

Høyring

Ei fullstendig planutskrift er lagt ut på Lom kommunes sørvistorg og på Lom folkebibliotek. Elektroniske dokument finn du med å trykke på lenkane under (PDF).

Oversendingsbrev

Saksdokument, sak 7/2013

Planskildring med risiko- og sårbarheitsanalyse

Plankart

Reguleringsføresegner

Illustrasjonsplan (ikkje juridisk bindande og dermed ikkje del av høyringsdokumenta)

Kva er meininga di?

Send merknadar til planen innan 19. april 2013 anten ved å bruke elektronisk skjema som du finn i sjølvbeteningsboksen øvst til høgre på sida eller til: Post: Lom kommune, Midtgard, 2686 LOM E-post:post@lom.kommune.no Spørsmål til planen rettast til arealplanleggar Øyvind Sødal, tlf: 61217330 / 96797990 E-post:oyvind.sodal@lom.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut