Bildet syner Ulstad bustadområde

Bildet syner Ulstad bustadområde

Offentleg ettersyn av reguleringsplan for Ulstad bustadområde

Lom kommune, Formannskapet vedtok i møte 30.04.2013, sak 16/2013 å legge forslag til reguleringsplan for Ulstad bustadområde ut til offentleg ettersyn. (Jf. plan- og bygningslova § 12-10). Planforslaget er ute til ettersyn i seks veker, med høyringsfrist 15. juni.

Sikringsanlegg for bustadområdet

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av rassikringsanlegg, med målsetting om å redusere sannsyn for at ras/steinsprang kan ramme bustadområdet. Planarbeidet skal og syte for ei generell oppdatering av den delen av gjeldande reguleringsplan for Ulstad-Øy (1985) som planavgrensinga omfattar.

Offentleg ettersyn

Ei fullstendig planutskrift er lagt ut på Lom kommunes sørvistorg og på Lom folkebibliotek. Elektroniske dokument finn du med å trykke på lenkane under (PDF).

Oversendingsbrev, datert 03.05.2013

Saksdokument, sak 16/2013

Plandokument med planskildring og ROS-analyse, reguleringsføresegner, plankart og illustrasjonar

Kva er meininga di?

Send merknadar til planen innan 15. juni 2013 anten ved å bruke elektronisk skjema som du finn i sjølvbeteningsboksen øvst til høgre på sida eller til:
Post: Lom kommune, Midtgard, 2686 LOM

E-post:post@lom.kommune.no

Spørsmål til planen rettast til arealplanleggar Øyvind Sødal, tlf: 61217330 / 96797990

E-post:oyvind.sodal@lom.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut