Skjermbilde 2017-10-03 kl

Offentleg ettersyn - reguleringsplan for Murgarden, Lom kommune

Planutvalet i Lom kommune vedtok 10.05.2017 å legge privat planforslag: Detaljreguleringsplan for Murgarden, planId 5140071, ut til offentleg ettersyn. Hovudformålet med reguleringsplan - forslaget er å legge til rette for etablering av bustader (leilegheit er) i 2. etasje på nytt tilbygg til Murgarden. I forslaget til nytt plankart er det aktuelle området vist som kombinert bruksformål bustader/forretning//kontor 

 

Høyringsdokumenta omfattar(trykk på dokumenta for så sjå dei/lasta dei ned):

 

Til regionale myndigheiter følgjer utfylt planskjema for planhandsaming. SOSI - fil er sendt Statens Kartverk.

E - postmottakarar får kunngjeringa berre som e - post. Mottakarar som får meldinga pr. brevpost får kopi av plandokumenta som vedlegg. Dokumenta er elles å finne på Lom kommune si heimeside www.lom.kommune.no - Planar - Arealplanar under arbeid, og ligg også til gjennomsyn på kommunens sørvistorg. Kunngjering om offentleg ettersyn vert annonsert i Fjuken 05.10.2017.  

Oppstartsmøte mellom eigar av Murgarden, plankonsultent(Nordplan AS) og kommunen vart gjennomført 12.10.2016, og Nordplan AS kunngjorde oppstart av arbeidet med reguleringsplanen 17.10.2016. Planområdet er på 15,5 daa og omfattar gnr. 70 bnr. 160, gnr. 70 bnr. 321 og deler av tilgrensande samferdselareal.

Planområdet ligg innanfor gjeldande reguleringsplan for Fosstugu - Fjellmuseet, vedteken 18.05.2006,, og vil erstatte deler av denne. I gjeldande reguleringsplan er hovuddelen av området sett av til byggjeområde forretning og byggjeområde forretning/kontor/offentleg formål.

Overordna arealplan er kommunedelplan for Fossbergom, vedteken 14.10.2003. Planområdet for reguleringsplanforslaget er her vist som område for erverv (forretning, kontor, reiseliv).

Kommunedelplanen for Fossbergom er under revidering, og vart lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn 03.09.2017. I samsvar med forslaget ved 1. gongs høyring er sentrale deler av sentrumsområdet, mellom anna Murgarden, foreslått endra til sentrumsformål. Formålet omfattar m.a. bustader. Framlegget til ny reguleringsplan er derfor ikkje i samsvar med gjeldande kommunedelplan, men er i samsvar med forslaget til kommunedelplanen som no er ute på 2 gongs høyring.

 

Frist for å koma med uttaler og event. motsegn til planforslaget blir sett til 13.11.2017. Uttaler kan sendast til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 LOM, eller på e - post til post@lom.kommune.no 

 

Tips ein ven Skriv ut