Skjermbilde 2017-06-13 kl

Offentleg ettersyn – Trafikksikringsplan

Formannskapet har i møte 07.06.17 vedteke å leggje ut Trafikksikringsplanen for Lom kommune til offentleg ettersyn. Trafikksikringsplanen skal vere ein reiskap for å planleggje, samordne og gjennomføre arbeidet med trafikksikring i Lom, og innehalde prioriterte førebyggande og fysiske tiltak med lokal og tverrsektoriell oppslutning. 

Trafikksikringsplanen er tilgjengeleg på Lom folkebibliotek, i servicetorget på Midtgard og på nettstaden(lenke finn du nedanfor). Innspel sendast til kommunen per e-post til post@lom.kommune.no, eller per post til adresse: Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom.

Frist for innspel er 7. juli 2017.

 

Trafikksikringsplan - høyring(LENKE)

Tips ein ven Skriv ut