Offentleg høyring og ettersyn: Framlegg til Klima- og energiplan for Lom

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-14 gjorde formannskapet i Lom den 27.10.2009 vedtak om at framlegg til Kommunedelplan for klima og energi i Lom kommune skal leggjast ut til offentleg ettersyn og høyring.

Planframlegget er utarbeidd som ein handlingsplan med utgangspunkt i ”Regional plan for klima og energi i Nord-Gudbrandsdal”, vedteken av regionrådet for Nord-Gudbrandsdal 27.06.2008. Framlegget er utarbeidd av ei arbeidsgruppe nedsett av Lom kommunestyre den 29.10.2008.

Høyringsperioden er 29.10 – 10.12.2009. Plandokument og saksutgreiing er lagt ved her, og er i tillegg lagt ut på Lom Folkebibliotek og i servicetorget på kommunehuset. Spørsmål om planforslaget kan rettast til Lom kommune v/ Sander Sælthun, e-post: sander.saelthun@lom.kommune.no eller tlf. 61217333. Uttaler til planen kan sendast Lom kommune, MTN, 2686 Lom innan 10.12.2009.

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut