Offentleg nettside med råd i samband med terroråtaka

I samband med tragediane i Oslo og på Utøya har Helsedirektoratet samla viktige, kvalitetssikra råd til publikum. Råda er samla på helsenorge.no og er tilpassa ulike grupper.

Lenke til krisesida på nettstaden helsenorge.no.

Vi minner samstundes om helsetilbodet i Lom kommune

Tenestetilbodet kan nåast ved å ringe fagleiar psykiatri på telefon 61 21 72 13 eller mobil 480 27 261. Dette gjeld på dagtid mellom kl 08.00 og 15.30.

Utanom dagtid kan tenestetilbod og nåast gjennom å ringe til vaktsentralen på telefon 6121 9100. Dei har og oversikt over tilgjengelege tenesteytarar. Vi minner og om telefonnummeret til legevakta som er 61 70 08 00.

Tips ein ven Skriv ut