Utdeling av prisen for Årets bibliotek i Oppland 2011

Utdeling av prisen for Årets bibliotek i Oppland 2011

Offentleggjering av Årets bibliotek torsdag 10. januar kl. 14.30

Torsdag 10. januar kl. 14.30 blir vinnaren av Årets bibliotek 2012 offentleggjort. Vi skal delta på markeringa på Det Norske Teatret. Dette arrangementet er også startskotet for markeringa av 100 årsjubileet for Norsk bibliotekforening. Vi oppdaterer heimeside og sosiale medium om utfallet av kåringa så fort vi får høve. Vi ventar spent på resultatet!

Tre bibliotek er nominerte til bibliotek-Norges gjevaste pris - Årets bibliotek. Det kom inn 28 forslag, 17 ulike bibliotek vart foreslått. Og dei nominerte til Årets bibliotek 2012 er: Lom folkebibliotek, Bok- og kulturbussen i Sør-Troms og Realfagsbiblioteket UiO.

Vi er hoppande glade for nominasjonen og sender ein varm takk til gode støttespelarar og dei som har sendt inn forslag på oss. Dette blir spennande!

Meir informasjon på nettstaden til Norsk bibliotekforening.

Tips ein ven Skriv ut