Framside»Om kommunereforma
Skjermbilde 2016-05-22 kl

Kommunereform - Resultata er klare!

22. mai 2016

Endeleg og samla resultat for rådgjevande folkerøysting for Lom og Skjåk kommune:

76 % NEI

21 % JA

3 % BLANK

Alle røystene er nå ferdig rekna. Valdeltakinga var 47%

Kva syns du om resultatet? Sei di meinig på facebooksidene til kommunen(LENKE)

Skjermbilde 2015-10-05 kl

Om kommunereforma

05. oktober 2015

Styringsgruppa for Lom og Skjåk som har fått mandat frå sine respektive kommunestyre til å greie ut ei samanslåing mellom dei to kommunane, har konkludert med at utgreiingsfasa er gjennomførtført. Nå går kommunane inn i ei ny og spennande fase, arbeid med ei intensjonsavtale. Dette arbeidet vil gå framover hausten. 

Utgreiinga som byggjer på faktakunnskap om dei to kommunane slik det går fram av tilgjengeleg statistikk og analyseverkty og vuderingar og funn frå dei seks arbeidsgruppene som har vore i arbeid, viser følgjande: 

Kommunereform

27. april 2015

Styringsgruppa for kommunereforma i Lom og Skjåk har oppretta seks arbeidsgrupper i det vidare arbeidet med reforma. Desse hadde fellesmøte 16.april for å drøfte bakgrunn for arbeidet, arbeidsform og vidare opplegg. Om lag 30 personar deltok på samlinga. Gruppene er sett saman av politikarar frå opposisjon og posisjon i Lom og Skjåk (4 personar), sekretær frå administrasjonane. I fleire av gruppene er tillitsvalde representerte.

Spørjeundersøking om eventuell kommunesamanslåing

22. januar 2015

Er du opptatt av kommunereforma? Korleis trur folk i Lom at ei kommunesamanslåing vil påverke barnehagetilbodet? Kor viktig er avstanden til kommunehuset for dei som bur i Lom? Før jul gjennomførte Fylkesmannen i Oppland ei innbyggarundersøking om kommunereforma.

Behandling av sak om kommunesamanslåing i kommunestyret

Saksprotokoll i Kommunestyret - 09.12.2014

22. januar 2015

Vedtak

  1. Lom kommune ynskjer utredning av grunnlag for samanslåing med Skjåk kommune, og sluttar seg til framlagte planar for utredning og framdrift.
  2. Formannskapet for ansvaret for å følgje opp vedtatt framdriftsplan og innhald. Formannskapet kan forhandle fram endring av framdriftsplan og innhald for ny godkjenning i kommunestyret.
  3. Det blir levert felles søknad om skjønnsmidler for Lom og Skjåk kommunar til dekning av utgifter til utgreiingsarbeidet.
  4. Det blir forutsett at kommunane i region Nord-Gudbrandsdal har løpande og gjensidig orientering om sine respektive prosessar knytt til kommunestruktur.
    Lom kommune er i tillegg  open for vurdering av ein samanslåing med andre kommunar enn Skjåk, dersom partane finn det aktuelt.

Samrøystes.