Skjermbilde 2015-10-05 kl

Om kommunereforma

Styringsgruppa for Lom og Skjåk som har fått mandat frå sine respektive kommunestyre til å greie ut ei samanslåing mellom dei to kommunane, har konkludert med at utgreiingsfasa er gjennomførtført. Nå går kommunane inn i ei ny og spennande fase, arbeid med ei intensjonsavtale. Dette arbeidet vil gå framover hausten. 

Utgreiinga som byggjer på faktakunnskap om dei to kommunane slik det går fram av tilgjengeleg statistikk og analyseverkty og vuderingar og funn frå dei seks arbeidsgruppene som har vore i arbeid, viser følgjande: 

Utfordringar

Utfordringane i åra framover for både Lom og Skjåk kan oppsummerast på følgjande vis: 

  • Negativ folketalsutvikling fram mot 2020 og 2040.
  • Stadig skeivare aldersfordeling – færre i yrkesaktiv alder og fleire over 80 år.
  • Mindre endringar kan slå sterkt ut (t.d. vil talet på 90 åringar i løpet av eit år slå sterkt ut på overføringar gjennom inntektssystemet)
  • Pleie- og omsorgstenestene vil ha sterk behovsvekst.
  • Kombinasjonen gjer at det kan bli krevjande å skaffe nok kvalifisert personell framover.
  • Spreiddbygd befolkning, lange avstandar og samferdselsutfordringar skaper utfordringar for tenesteorganiseringa.
  • Sårbare for endringar i nasjonale prioriteringar (endringar i lovverk, statlege reformer, endringar i økonomiske overføringar, osv). 
  • Rekrutteringssårbarheit – særleg til stillingar som krev spesiell og høg kompetanse (t.d. legar, ingeniørar, helsepersonell med spesialkompetanse, mv)
  • Tradisjonelle jord- og skogbrukskommunar – endringar i landbruket vil ha store konsekvensar for sysselsetting og busetting.
  • For liten vekst i næringsliv og for lite nyskaping.
  • Mykje verna og slik sett bandlagd natur.

Moglegheiter

  • Godt utbygde tenester i båe kommunane i dag.
  • Relativt stabil kommuneøkonomi.
  • Langsiktige kraftrettar. 
  • Låg arbeidsgjevaravgift. 
  • Kjem inn under dei distriktspolitiske verkemidla for økonomiske overføringar.
  • Har til nå klart å skaffe relevant personell.
  • God bygningsmasse i kommunale bygg.
  • Dei to kommunane i lag har god tilgang på næringsareal og bustadtomter.
  • Til saman vil kommunane få eit større næringsfond.
  • Satsinga å utbygging av breidband har starta.
  • Stabilt og føreseieleg  klima.

Effektar av samanslåing

Ulemper

  • Vil framleis bli ei folketalsmessig lita kommune (vel 4 500 innbyggjarar).
  • Samanslåing vil ikkje aleine løyse utfordringane med folketalsnedgang – andre tiltak må i så fall settast inn. 
  • Staten har signalisert at større kommunar skal få nye oppgåver, og legg til grunn ein kommunestoreik på 15-20 000 innbyggjarar. Ein ny kommune vil i utgangspunktet vere for lita til å utføre oppgåver slik Kommunal- og moderniseringsdepartementet har kome med forslag om (og Stortinget seinare har slutta opp om). 
  • Svært like kommunar – få komparative fordelar. 
  • Kulturskilnader?
  • Vanskeleg å få full effekt i tenestene pga avstandar og spreidd busetnad.

Fordelar

  • Større fagmiljø i dei kommunale tenestene (ref arbeidsgrupperapportane).
  • Økonomiske synergiar på sikt, reduksjon i leiarstillingar og administrativt personell.
  • Større politisk handlingsrom.
  • Større nominell budsjettramme.
  • Større næringsfond og monalege kraftinntekter.
  • Det kjem økonomiske overføringar frå staten i samband med samanslåing som vil kunne nyttast til nyskaping og vekst. (men dette er ikkje ein varig auke)
  • Større næringsareal og større areal for bustadtomter. Auka handlefridom for innbyggjarane med omsyn til kvar dei skal bu.
  • Felles arbeidsregion i dag – vil ikkje bli endra og for mange vil ikkje skilnaden i det daglege bli svært stor..
  • Færre interkommunal samarbeid.
  • Mindre kostbar politisk styring (eitt kommunestyre, eitt formannskap og færre politikarar). 
  • Betre utnytting av kompetanse innan miljø- og naturforvaltning, meir slagkraftig forvaltning av nasjonalparkane.
  • Utmarksforvaltninga vil kunne bli styrka.
  • Større økonomisk muskel – enklare å få til innovasjon og nyskaping?
  • Noko breiare næringsgrunnlag.

Saker som må avklarast ved ei samanslåing

I arbeidet med ei intensjonsavtale må ein del viktige problemstillingar avklarast:

  • Må ein i ei overgangsperiode tåle at det blir noko skeivfordeling mellom innbyggjarar i ulike delar av den nye kommunen – t.d. ved bruk av næringsfond - 
  • Kraftrettar og disponering av kraftinntekter – ein ny kommune vil i utgangspunktet ta over dei rettane kvar av kommunane har til uttak og sal av kraft. Men det ligg føre fleire særavtaler, og det må gjerast ei særskilt vurdering av desse.
  • Eigedomsskatt – berre verker og bruk – eller også på bustadeigedom.
  • Sentrumsplassering – Fossberg eller Bismo – og korleis skal funksjonar fordelast mellom tettstadane.
  • Kva skal den nye kommunen heite?
  • Kva for kommunevåpen skal ho ha?
  • Administrative system – arkiv, personalregelverk og internkontrollsystem – må harmoniserast.
blog comments powered by Disqus
Tips ein ven Skriv ut