Kommunelogo

Kommunelogoen er sett saman av ordet Lom og kommunevåpenet.

Til Lom er det brukt skrifttypen Garamond. Det er den einaste fonten som skal brukast på ordet Lom i logoen med eller utan kommunevåpen (sjå også side 24).

Samansetnad av ordet Lom og kommunevåpen skal vere som vist her. Det skal ikkje brukast andre plasseringar eller andre proporsjonar mellom ordet Lom og kommunevåpenet.

Kommunevåpenet skal attgjevast i blå (PMS refleks blå) og sjeltreko i kvit eller sølv. Trykk i sølv (pan 877) skal brukast berre på offisielle dokument. For å få fram sølvpreget kan det i særskilde tilfelle brukast sølvfolie.
Ordet Lom i brun (PMS 4975). Kommunelogo kan attgjevast i einfargar eller svart/kvit.
Som unntak kan brunfarga bytast ut med svart.
Det er berre Lom kommune som kan bruke kommunevåpenet. Våpenet blir brukt i tilknyting til den offisielle delen av Lom.

Sølv må leggjast inn som erstatning for kvitt i eps-versjonen eller leggjast inn med sølvfolie.

 

Kommunelogo A - Klikk for stort bildeKommunelogo A kommunelogo B - Klikk for stort bildekommunelogo B

Kontakt

Ola Ø Rossehaug
Informasjonskonsulent
Mobil 958 36 826