Fottur- og sykkelkart Lom

Fotturar rundt Lom nasjonalparklandsby (sentrum)


Flott utsikt på veg opp til Lomseggen - Klikk for stort bilde Live Andrea Sulheim Frå Lom sentrum kan du gå mange flotte fotturar. All skilting og merking vart oppgradert i perioden 2016 - 2018, og fotturbrosjyrane vart revidert våren 2017. Du kan skrive ut i brosjyrane i PDF-format, eller få dei gratis fleire plassar i sentrum (t.d. turistinformasjonen, Norsk fjellsenter, i stativ ved infotavler). Med atterhald om tilstrekkeleg opptrykk. 
Brosjyrane finst i norsk, engelsk og tysk. 

Karta blir produsert av Lom kommune / nasjonalparklandsby, og har vorte utarbeida med støtte frå  Klima- og miljødepartementet. 

 

Ein del av turane ligg òg ute på www.ut.no med bilder, GPS-spor og forklaring.  
​Søk opp "Lom nasjonalparklandsby",eller turforslaga under inne på ut.no: 

 

Fotturar i Bøverdalen: 
 

Fotturar i Bøverdalen - Klikk for stort bilde Johan Wildhagen I samband med "Liv i Lom"-prosjektet vart det utarbeidd ei turbrosjyre for Bøverdalen i samarbeid med lokalt næringsliv. Det kan vere varierande standard på turmerkinga, så spør gjerne overnattingsbedriftene i området om anbefalingar før du legg ut på tur. Brosjyren har ikkje vore revidert sidan den vart oppretta rundt 2010, og blir ikkje trykt opp lengre. Du kan likevel skrive den ut i PDF-form her: 

Fotturar i Garmo: 

 

Tur til Høgkollen i Garmo - Klikk for stort bilde Fleire av turstigane i Garmo har vorte oppgradert nyleg (2016).
Førebels kan du få ei oversikt over stiene inne på ut.no, søk opp kartet og skriv inn Garmo: 

I 2018 vart det au laga ei brosjyre over utvalgte turar i Garmo. Den kan du lese her:  (PDF, 10 MB)

Ynskjer du å kjøpe brosjyren i papir-format, kan du gjere det hos m.a. Brimi Fjellstugu. 

 

Sykling i Lom
 

I 2013 vart det laga ei sykkelbrosjyre med forslag til fire sykkelturar i Lom kommune. Dette kartet er tilgjengeleg på norsk og engelsk. Desse turene er ikkje merka: 


Derimot er det no merka sykkelveg frå Lom til Otta, med namnet "Panorama Ottadalen". Den kan du lese meir om her: http://www.lommekjent.no/turer/946471

Fisking i Lom nasjonalparklandsby
 

For fleire år sidan vart det laga ei brosjyre angåande fisking i nærleiken av Lom sentrum. 
Du kan opne den / skrive den ut i PDF-format her, men ver klar over at informasjonen kan vere utdatert: 

Fisking i Lom nasjonalparklandsby (PDF, 6 MB)

Sjekk elles ut heimesida www.inatur.no for meir informasjon om fisketilbod, jakt, hytter til leige m.m.
 

Gode tips før turen: 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977