Status og tiltaksplanar

I 2008 fekk Lom status som nasjonalparklandsby av daverande Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning. Prosjektet var eit nasjonalt pilotprosjekt under programmet "Naturen som verdiskaper", der Lom er ein av fem tettstadar som fekk statusen.

Det nasjonale nettverket for nasjonalparklandsbyar består av Lom, Geilo, Jondal, Vingelen og Storslett nasjonalparklandsby.

Lom har eit unikt utgangspunkt for å vere ein nasjonalparklandsby. Fossbergom er ein naturleg innfallsport til heile tre nasjonalparklar, kommunen har lange tradisjonar for å ta imot tilreisande og det finst eit variert tilbod innan overnatting, aktivitetar og mat.

Kva har skjedd så langt?

Prosjektet starta opp med eit forprosjekt, og var inne i ei prosjektfase i 2010-2014. Etter 2014 har Lom nasjonalparklandsby vore inne i ei driftfase. 
Under "tiltaksplanar" kan du få ei full oversikt over det som har skjedd så langt, men her er nokre smakebitar:

 

Tilretteleggings- og informasjonstiltak: 

  • Friområde med benkar, bord og turstig ved Utleggsbrua
  • Tilrettelegging for fiske i Skim, i samarbeid med Skim grunneigarlag
  • Oppsett av leikehuset «Labyrinten» ved Kyrkjevollen
  • Tilrettelagte og merka turstigar lett tilgjengeleg frå Lom sentrum til lokalbefolkning og tilreisande i saman med "primus motor" Egil Olav Nyrnes. Utvikling og oppgradering kvart år.   
  • Tilrettelegging for badeplass ved Utleggsbrua 
  • Tilsett landsbyvakt kvart år frå mai-september for å halde vedlike stignettet, blomar i sentrum m.m.
  • Utgitt Nasjonalparkmagasin i samarbeid med Fjuken
  • Bokpakke om nasjonalparkane og roll-ups til omkring 20 bedrifter i samarbeid med Lom folkebibliotek
  • Opptrykk og distribusjon av kartet «fotturar i Lom» kvart år, til gratis distribusjon på norsk, engelsk og tysk. Rundt 10 000 brosjyrar kvart år!
  • Tre store og fem små informasjonstavler rundt om i sentrum knytt til Bergomsrunda og turstignettet (Norsk Fjellmuseum, Vassvaglen og Lomseggen AS).
  • "Kom til Lom" t-skjorter til tilsette i kommunen og i servicenæringa
  • Digitalisering av fotturrutar til ut.no
  • Profilering av Lom på rasteplass langs Tindevegen
  • Kulturstigen opp til Skutlan / Soleggen, no kalla "Setervegen til fjells", vart fornya i 2018
  • Instagramprofil "Lom_nasjonalparklandsby" vart oppretta i 2019

Arrangement, vertskap- og kompetansetiltak m.m:

  • Innkjøp av landsbysyklar i samarbeid med Norsk Fjellmuseum
  • Oppsett av zip-line over Prestfossen i samarbeid med Aktiv i Lom
  • Vertskapskurs for ca. 40 tilsette frå servicenæringa, i samarbeid med fleire
  • Visningstur for servicenæringa
  • Utvikling av naturstigen «Rådyrtrakket» i Presthaugen, med dyr og brosjyrar
  • Landsbydag for å feire den internasjonale nasjonalparkdagen 24. mai
  • Medarrangør på julemarknad, handelshelg etc.
  • Landsbytrim m/post
  • Arrangert Innovasjon Norge kurset "Bli en bærekraftig bedrift"
  • Arrangert Innovasjon Norge kurset "Opplevelsesdesign"
  • Arrangert to BKA-kurs med støtte frå VOX
  • Arrangert kurs i digital marknadsføring
  • Arrangert mini-kurs i videoredigering
  • Arrangert bli-kjent-tur for sumartilsette

Implementering av den nye merkevara "Norges nasjonalparker":

I 2016-2017 skal heile nasjonalparklandsbyen få ny profil som ein del av den nye merkevarestrategien til Miljødirektoratet.
Dette inneber m.a.:

  • Utbytting og revidering av åtte infomasjonstavlar i sentrum

  • Tre ny vegskilt i innfallsårene til sentrum
  • Reviderte fotturkart
  • Nytt skilt på kommunehuset
  • Ny video og nye bilete frå nasjonalparklandsbyen i tråd med ny profil

Den nye merkevarestrategien kan du sjå her: http://designmanual.norgesnasjonalparker.no

Ynskjer du å vite meir om Lom nasjonalparklandsby?

Lom har med jamne mellomrom besøk frå kommunar og andre som er interesserte i å vite meir om Lom nasjonalparklandsby og arbeidet som er gjort så langt.

​Det er alltid triveleg og lærerikt å få besøk, så ta gjerne kontakt med landsbykoordinator og næringssjef Åshild M. Amundsen dersom du vil ta deg ein tur til Lom!

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje