Ny i Lom?

Å flytte til ein ny stad er alltid litt spennande - uansett om du er kjent på plassen frå før eller ikkje. For å hjelpe deg litt på veg som «ny lomver» stiller vi gjerne opp som Lomsvertar.
Kontakt Ola, Trond eller Åshild, så kan vi ta ein kaffikopp, eta ein god bolle på t.d. Bakeriet i Lom og ta ei omvising i sentrum dersom du skulle ynskje det. 

Oss kan du spørje om alt du skulle ha på hjartet, vi skal hjelpa deg så godt vi kan med å finne deg til rette i Lomsbygda. "At your service", som det vert sagt!

Eit lite sommarglimt frå Lom: 

 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977
Ola Ø Rossehaug
Informasjonskonsulent
Mobil 958 36 826
Trond Byre-Haakensen
Rådgjevar kultur og idrett - leiar servicetorget
Mobil 934 29 318

Adresse

Lom kommune

Sognefjellsvegen 6

2686 LOM

61 21 73 00

post@lom.kommune.no

Orgnr.: 959377677