Fossbergom

Fossbergom sett frå lufta - Klikk for stort bilde

Fossbergom, også omtala som tettstaden Lom, administrasjonssenteret i Lom kommune i Oppland.

Namnet Fossbergom kjem av Prestfossen, ein foss i Bøvra som renn ut i Otta rett ved Fossbergom. Her finn ein Lom stavkyrkje frå om lag 1200, Norsk Fjellmuseum, Lom bygdamuseum og Fossheim Steinsenter. Det er også noko trevare- og møbelindustri, vidaregåande skule og fleire turistføretak.

I 2008 vart Fossbergom peika ut som nasjonalparklandsby av Miljøverndepartementet.

 

Henta frå wikipedia.no(02.nov2016)

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977