Garmo

Garmo sokn er den austlegaste delen av Lom kommune og grensar til Vågå i sør og aust, til Lesja i nord, og til hovudsoknet i vest. Fjellet på båe sider høyrer med til Vårdalen statsålmenning. På nordsida vart denne ålmenninga mykje mindre i 1870-år, ved at området i Finndalen saman med ein del av Strondaålmenninga og noko av Liafjellet i Finndalen vart overført til eit nytt adminstrasjonsområde, kalla Finndalen statsålmenning. 

Vårdølane har brukt og brukar fjellområdet i sør som ein del av gardsdrifta og livberginga. Reinsgraver finn ein ved Gråvåhøi og Koppane, i Smådalen og i Veodalen. Deet er utnyttinga av fjellet og særleg fiskeretten på tesse som skil Garmo sokn frå resten av bygda og set grense mot Vågå, ei grense deet i lang tid stod strid om. Fiskeretten på Tesse er i dag utvida.

Det tok lang tid før vegen mellom Garmo og Fossbergom vart forbetra, etter at han vart bygd i 1840-åra. I Vårdalen var det motstand pga. at dyrka jord måtte avgjevast, og for liingane var og ein veg gjennom sjølve Vårdalen mindre interessant. Derme vart traseen utanom Lomskollen vald, og vegen bygd i 1890-åra(ferdigstilt i 1998), Men det synte seg snart at vegen var bygd for annan trafikk enn den som snart skulle koma, og allereie i 1919 kom det klage til vegirektøren over standarden på vegen. Den nye vegen gjennom Vårdalen vart så teken i bruk i 1955.

Det er mykje som har bunde soknet saman, mange fellesoppgåver som gardane har teke opp av seg sjlkve, eller som har kome som påbod utafrå. Som i andre delar av bygda har samarbeidet og synt seg i form av skiping av mange friviljuge organisasjonar dei sise 100 åra.

 

-henta frå "Bygdabok for Lom" bind 1.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977