Korleis søkjer eg om hjelp?

Du kan vende deg til resepsjonen på Lom helseheim. Der kan du få søknadsskjema, og vi kan hjelpe deg med råd og rettleiing ved utfylling av skjemaet.
Du kan og få søknadsskjema tilsendt i posten, eller du kan

sjå søknadsskjema her

Kvar finn eg omsorgstenestene?

Pleie og omsorg har resepsjon i første etasje på Lom helseheim. Telefon: 61 21 72 25.

Kva koster tenestene?

Ved å kontakte pleie og omsorg på telefon 61 21 72 25, eller koma innom resepsjonen, kan du få informasjon om betalingsordningane for dei ulike tenestene. Sjå også informasjonsskriv om betalingssatsane.

Kan heimesjukepleia setja influensavaksine?

Det kan vi, men berre om du ikkje har helse til å koma deg til helsestasjonen.

Kan heimesjukepleia følgje meg til sjukehus?

Nei dessverre, det kan vi ikkje, men Friviljugsentralen har folk som kan stille opp til slike oppdrag dersom du ikkje har nokon som kan vera med deg. Dersom den som er med køyrer privatbil, blir køyring refundert etter dokumentasjon på frammøte på sjukehus. Eventuell tapt arbeidsforteneste kan og refunderast med omlag 80 kroner pr. time.

Kan heimesjukepleia ta blodprøver?

Vi kan ta blodprøver, men berre dersom du sjølv ikkje kan koma deg til legen.