Omsorgsbustader

Pleie og omsorg disponerer 16 omsorgsbustader, Krokamyre I og II.

Bustadene

Kvart husvære er på 55 kvadratmeter og utgjer gang, bod, bad soverom og ope løysing mellom stove og kjøkken. Kjøkkenet har kvitevarer. Det er også ei bod i felles gang.
Bustaden er utforma for å kunne lette kvardagen din.
I alle bustadene er det montert adresserbart brannvarslingsanlegg og full sprinkling i form av vasståkeanlegg, for å ta i vare branntryggleiken.
Alle med fasttelefon får montert tryggleiksalarm ved innflytting.

Meir informasjon

Bustaden blir tildelt etter vurdering av din livssituasjon.
Søkjaren som blir prioritert, blir vurdert å ha størst behov.
Bustaden er rein og i fullgod stand når du flytter inn.
Nøkkel til bustad får du på kontoret i pleie og omsorgsavdelinga når du skriv under på husleigekontrakt.
Bustaden har ikkje fast bemanning, og andre omsorgstenester må søkjast om individuelt.
Du betaler sjølv utgifter til strøm, oppvarming og telefon.
Du må ha abonnement på fasttelefon for å få montert tryggleiksalarm.
  • Målgruppe for tenesta

    • Personar som på grunn av funksjonshemming, sjukdom, skade eller alder treng ein annan bustad, og dette behovet ikkje kan dekkjast i privat marknad.
  • Slik får du tenesta

    • Når det er ledig omsorgsbustad, blir desse annonsert i lokalpressa. Om du er interessert i å søkje, kan du ta kontakt med pleie og omsorg på telefon 61 21 72 25, eller sende skriftleg søknad til Lom kommune, pleie og omsorg, 2686 Lom. Dersom du ikkje er brukar av tenester frå før, vil det bli gjort eit vurderingsbesøk for kartlegging av funksjonsnivå. Det blir også utført IPLOS-registrering ( individbasert pleie- og omsorgsstatistikk) som er lovpålagt.
  • Pris

    • Kr 3 933,- per månad pluss strøm.
  • Kontakt

    • Pleie og omsorg på telefon 61 21 72 25.
  • Kontakt e-post

  • Lovgrunnlag

    • Forvaltningslova.
  • Rett til å klage

    • Det er mogleg å klage på vedtaket. Klaga sender du attende til Lom kommune, pleie og omsorg innan 3 veker etter at du har motteke brevet. Vedtaket blir handsama på nytt. Dersom vedtaket blir oppretthalde, blir det sendt vidare til kommunen sitt klageorgan for endeleg avgjerd. Pleie og omsorg kan hjelpe deg med å skrive klaga. Jamfør § 27-36 i Forvaltningslova.

Pleie og omsorg

Lom helseheim
2686 Lom
Sentralbord: 61 21 73 00
Telefax: 61 21 72 26

post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83763167990419,
8.556536436080933