Framside/Tenester til deg/Omsorgstenester/Omsorgsbustader

Omsorgsbustader

Pleie og omsorg disponerer 15 omsorgsbustader.

Bustadene

Kvart husvære er på 55 kvadratmeter og utgjer gang, bod, bad soverom og ope løysing mellom stove og kjøkken. Kjøkkenet har kvitevarer. Det er også ei bod i felles gang. Bustaden er utforma for å kunne lette kvardagen din. I alle bustadene er det montert adresserbart brannvarslingsanlegg og full sprinkling i form av vasståkeanlegg, for å ta i vare branntryggleiken.

Meir informasjon

Bustaden blir tildelt etter vurdering av din livssituasjon. Søkjaren som blir prioritert, blir vurdert å ha størst behov. Bustaden er rein og i fullgod stand når du flytter inn. Nøkkel til bustad får du på kontoret i pleie og omsorgsavdelinga når du skriv under på husleigekontrakt. Bustaden har ikkje fast bemanning, og andre omsorgstenester må søkjast om individuelt. Du betaler sjølv utgifter til strøm, oppvarming,telefon og forsikring av eige innbu (Kommunen si forsikring dekkjer berre det som kommunen eig).

Kvalitetesstandarar

  • Målgruppe for tenesta

    • Personar som på grunn av funksjonshemming, sjukdom, skade eller alder treng ein annan bustad, og dette behovet ikkje kan dekkjast i privat marknad.
  • Slik får du tenesta

    • Om du er interessert i å søkje på omsorgsbustad, kan du ta kontakt med Lom og Skjåk tildelingskontor på telefon 90562291, eller sende skriftleg søknad til Moavegen 30, 2690 Skjåk. Dersom du ikkje er brukar av tenester frå før, vil det bli gjort eit vurderingsbesøk for kartlegging av funksjonsnivå. Det blir også utført IPLOS-registrering ( individbasert pleie- og omsorgsstatistikk) som er lovpålagt.
  • Pris

    • Husleige frå kr 6 222,- til 7 259,- per månad pluss straum.
  • Kontakt

    • Lom og Skjåk tildelingskontor tlf: 90562291 adresse: Moavegen 30, 2690 Skjåk.
  • Lovgrunnlag

    • Forvaltningslova.
  • Rett til å klage

    • Det er mogleg å klage på vedtaket. Klaga sender du til Lom og Skjåk tildelingskontor, innan 3 veker etter at du har motteke brevet. Vedtaket blir handsama på nytt. Dersom vedtaket blir oppretthalde, blir det sendt vidare til kommunen sitt klageorgan for endeleg avgjerd. Tildelingskontoret kan hjelpe deg med å skrive klaga. Jamfør § 27-36 i Forvaltningslova.
Tips ein ven Skriv ut