Omsorgsløn

Hovudformålet med omsorgsløn er å gje best mogleg omsorg, for dei som treng hjelp i dagleglivet og å gjeva ein viss økonomisk kompensasjon, slik at private omsorgsytarar kan halde fram med omsorgsarbeidet.

Moment som vert teke med ved vurdering av søknaden

- om omsorgsarbeidet er særleg tyngande - om omsorgsarbeidet overstig det som er rimeleg å forvente for omsorgsytarar med omsorgsplikt - om omsorgsarbeidet gjeld naudsynte omsorgsoppgåver - om omsorg frå søkjaren er det beste for den som treng hjelp - kommunen sine ressursar

Avlønning

Omsorgsløn blir lønna etter heimhjelpssats. Omsorgslønsordninga tek ikkje sikte på å gi dei som har tyngjande omsorgsarbeid full løn for kvar time dei arbeider. Det kan gjelde avkortningsreglar etter trygdereglane for dei som mottek omsorgsløn, på same måte som for dei som har anna arbeidsinntekt. Døme på dette er alderstrygd, uføretrygd, arbeidsløysetrygd og overgangsstønad. I desse tilfelle er det altså trygda som blir avkorta og ikkje omsorgsløna. Den som utfører omsorgsarbeid, kan etter reglane i folketryglova § 3-16 få 3 pensjonspoeng (omsorgspoeng) i folketrygda. Omsorgsløn blir rekna som inntekt etter skattelova. Departementet rår til at partane inngår eit oppdragstakarforhold.

  • Målgruppe for tenesta

    • Omsorgsytarar, som oftast nære pårørande, som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
  • Slik får du tenesta

    • Sende skriftleg søknad til Lom kommune, pleie og omsorg, Krokamyrvegen 18, 2686 Lom.
  • Kontakt

    • Pleie og omsorg, telefon 61 21 72 25.
    • Leiar miljøarbeidtenesta Ann-Mette Fjeld Hoft, telefon 47 45 32 41.
  • Kontakt e-post

  • Lovgrunnlag

    • Tildelast etter heimel i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2, 1. ledd nr. 6, bokstav a, jfr § 3-6.
  • Rett til å klage

    • Det er mogleg å klage på vedtaket. Klaga må sendast heimebasert omsorg innan 4 veker etter at du har motteke brevet. Vedtaket blir handsama på nytt. Dersom vedtaket blir oppretthalde, blir det sendt vidare til kommunen sitt klageorgan. Blir vedtaket oppretthalde også der, sender ein saka vidare til fylkeslegen i Oppland for endeleg avgjerd. Heimebasert omsorg hjelper til med å skrive klaga for deg.

Pleie og omsorg

Lom helseheim
2686 Lom
Sentralbord: 61 21 73 00
Telefax: 61 21 72 26

post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83763167990419,
8.556536436080933