Jørn syner fram produksjon av sandformer

Jørn syner fram produksjon av sandformer

Onsdag 8.juli: Aktivitetsdag i Lom Bygdemuseum

Gudbrandsdalsmuseet, Lom Kommune og Lom Friviljugsentral arrangerer aktivitetsdagar kvar onsdag i juli, fram til onsdag 5. august.


  1 / 11 
 
Jo og Jørn hadde gild skyss 
Jo og Jørn hadde gild skyss
 


Kyndige karar som gjerne fortel om handtverket sitt

Breitt spekter

Denne onsdagen  var det handverksdag i Presthaugen med ulike gamle handverksteknikkar. Rivetinding, knivlaging, tro-hogging og vidjespenning var noko av det tiskodarane fekk demonstrert. Barneaktivitetar var det sjølvsagt og, mellom anna tinnstøyping. Guidane Thea Bjerke og Julie Garmo var vertskap i Bygdamuseet og hadde godt håndlag med tinnstøypinga!

Tilsett i Museet Salomon, Trond Byre-Haakensen, var vertskap saman med friviljuge frå Friviljugsentralen: Merete Sofia Akslen, Tsegu Halima, Mahboubeh og Torbjørg Horten stod for god servering. Ein triveleg dag i fine omgjevnader. Bortimot 50 -60 personar fann vegen til Presthaugen denne dagen.   

Ein glad gjeng i Presthaugen!

Aktivitetsdagar kvar onsdag

Mange tilreisande turistar let seg imponere av Jørn Nyøygard som laga sandformer til støyping av mellom anna beltespenner: eit flott handverk som ikkje så alt for mange kan lenger. Fleire ulike lag stiller opp på aktivitetsdagane framover: Bygdekvinnelag, Lom  Husflidslag, Lom Pensjonistlag og Lom Seniordans.

Det kan nemnast aktivitetar som: bakst, gardsarbeid, spinning, kinning med meir.

 Den 5. august er det slåttefest med slåttegraut.  Ta deg ein tur til Lom Bygdemuseum, alle er velkomne!

Tips ein ven Skriv ut