Ope møte for næringslivet 21.november

Vi inviterer til eit ope møte for næringslivet den 21. november, der det blir innspel og diskusjonar rundt trafikksituasjonen i Lom, statusoppdatering på vår nye storstuggu Utgard og ein idédugnad rundt eit eventuelt nytt arrangement i 2013. I tillegg deler ordførar Bjarne E. Holø ut næringsprisen for 2012.
Skal vegen gå gjennom Fossbergom i framtida?
Skal vegen gå gjennom eller utanom Fossbergom i framtida? 21. november kan du spørja Statens Vegvesen. Foto: K. V. Waldersløw

Program

  • 18.30:Kvivsvegen og ein framtidig Sognefjellstunell.  Kva for moglegheiter og utfordringar gjev dette oss?
    Trafikkavviklinga gjennom eller utanfor Fossbergom?  Representantar frå Statens Vegvesen vil delta på møtet.
     
  • 19.30: Utgard. Vår nye storstugu i Lom. Kva kan kommune og næringsliv gjera saman?
    Administrasjonssjef Ola Helstad informerer om Utgard
     
  • 19.50:  Ordførar Bjarne Eiolf Holø deler ut næringsprisen 2012
     
  • 20.00: Servering
     
  • 20.30: Det offisielle programmet er ferdig 20.30, men alle som vil kan bli med på ei idèmyldring etterpå.
    Mat -og kulturarrangment i Lom 2013? Prosjektleiar for Mat langs nasjonale turistveger Egil Ø. Thorsen dreg i  gong ein idèdugnad i samarbeid med Lom kommune. Kva kan vi få til? Bli med og kom med innspel!
    Obs: Denne delen kan utgå dersom Egil ikkje kjem seg attende til Lom etter eit møte i Kristiansund.

Praktisk informasjon

Tidspunkt: 18.30-20.30
Stad: Fossheim Hotell
Inngang: Gratis
Enkel servering med noko å bite ti, kaffe og kake.

Alle er hjerteleg velkomne.

Livat i Lom sentrum under Fjordingsmartnan. Kva kan vi få til i 2013?
Livat i Fossbergom under Fjordingsmartnan. Kva kan vi få til i 2013?
Tips ein ven Skriv ut