Open brannstasjon laurdag 19. september

Det blir open brannstasjon laurdag 19. september.
Arrangementet er frå kl. 11 - 14 både i Lom og i Skjåk.
I Lom vil opplegget føregå på Loarområdet, utanfor biblioteket. I Skjåk er dette på brannstasjonen som vanleg.

Galleri

firetruck-162557_1920
Brannbil i aksjon

I år er det auka fokus på gjennomføring av brannøving i heimen vår. Det blir mogleigheit for å melda seg på «Nasjonal brannøving» som ein del av vanlege kunnskapsløypa som er for borna.
Elles blir det brannbilkøyring , spyling med vatn, enkel servering  og utdeling av brannhjelmar til borna.

 

Meir informasjon finn du på Brannveruka.no

Tips ein ven Skriv ut