Oppstart av arbeid med samfunnsdel til kommuneplanen for Lom kommune, offentleg ettersyn av planprogram

Lom formannskap gjorde 16.01.2015 vedtak om å starte opp arbeidet med revisjon av samfunnsdelen til kommuneplan for Lom.

I same vedtak har formannskapet lagt framlegg til Planprogram for kommuneplan - Lom kommune ut til offentleg ettersyn. Framlegget til planprogram er tilgjengeleg på slutten av denne artikkelen, og er lagt ut på kommunens servicetorg, på Lom Folkebibliotek og på Coop Bøverdalen.

Innspel til arbeidet med revisjon av samfunnsdelen, og uttaler til planprogrammet kan sendast Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom eller på e-post til post@lom.kommune.no innan 2. mars 2015.

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut