Framside»Planar»Aktuelt
Biobrensel som varmekjelde

Biobrensel som varmekjelde

Oppstart av planarbeid for nærvarmeanlegg på Loms vestside

Lom kommune har starta opp arbeid med reguleringsplan for nærvarmeanlegg på Loms vestside. Formålet med planarbeidet er å klargjere tomtealternativ for varmesentral og detaljregulere denne. Oppstart av planarbeidet varslast med annonse Fjuken 20.09.2012. Interesserte kan levere innspel til reguleringa, fristen er sett til 01.11.2012.

 

Planarbeidet vil være ei detaljregulering av tomtealternativ i Eggjalia eller Grov, med siktemål om å klargjere tomt for bygging av varmesentral for nærvarmeanlegg. Ein viktig del av planarbeidet er å vurdere kva tomt som vil bli mest fordelaktig.Tomtene går fram av kartutsnittet. Områda er i overordna planverk avsett til framtidig industriområde (Eggjalia), og framtidig utviding av idrettsområde (Grov). Etter vurdering har kommunen kome til at det ikkje er behov for konsekvensutgreiing i planarbeidet.

Kartutsnitt (flyfoto) over tomtealternativa

Varsel om oppstart av planarbeid (brev til rørte og interessentar)

 Lom kommune er ansvarlig for planarbeidet, kontaktperson er Øyvind Sødal (tlf. 61 21 73 30). Merknader kan sendast skriftleg til: Lom kommune, Midtgard, 2686 LOM, e-post: post@lom.kommune.no, innan 01.11.2012.

Tips ein ven Skriv ut