Reguleringsplan for Klimapark2469 på Juvflye

Oppstart av planarbeid og offentleg høyring

Med heimel i plan- og bygningslova startar arbeidet med reguleringsplan for Kimapark2469 i området ved Juvvatnet/ Juvflye. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for formidling og forsking omkring globale klimautfordringar sett i samanheng med lokal avsmelting og funn av kulturminne.

Avgrensing av planområdet går fram av vedlagde kartskisse.

Det blir gjennomført konsekvensutgreiing i samband med planarbeidet, jamfør ”Forskrift om konsekvensutredninger”.

Framlegget til planprogram gjer nærare greie for planinnhald, prosess og kva for konsekvensutgreiingar som skal gjennomførast. Planprogrammet er vedlagt, og blir lagt også lagt ut i servicetorget på Midtgard, på Lom folkebibliotek og på Coop-marked Galdesand.

Planarbeidet blir utført av Solvang og Fredheim Gudbrandsdalen AS, Storgata 19, 2670 Otta. Merknader til planprogram og innspel til det vidare planarbeidet kan sendast dit, eventuelt med e-post til oyvind.pedersen@sfas.no innan 25.06.2010.

Klimapark2469 kartskisse
Kartskisse for Klimapark2469

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut