Ordens-/åtferdsreglar ved Lom ungdomsskule
Overordna målsetting for Lom ungdomsskule
- skulen skal bli ein stad der alle kjenner seg heime
- skulen skal gje kunnskap og sosial læring
- skulen skal legge til rette tilhøva slik at alle kan få nytta evnene sine
- skulen skal lære opp elevane til god orden og ha respekt for andre
- skulen skal vere ein inkluderande skule der alle er ein del av fellesskapet
Slik ynskjer vi den gode eleven, den gode læraren og den gode føresette skal vere
Den gode eleven er:- snill, hjelpsam og tek omsyn til andre
- gjer sitt beste og er oppmerksam og engasjert
- gjev andre arbeidsro og held god orden
- følgjer plikter, krav og reglar som skulen stiller
Den gode læraren:
- er snill og hjelpsam, rettferdig og har godt humør
- er god rollemodell for elevane
- varierer og tilpassar undervisninga for elevane
- er flink til å lære bort og motivere elevane
- samarbeider og deler erfaring med andre kollegaer
Den gode føresette:
- er god rollemodell for barna sine og lærer bort god folkeskikk
- viser tillit og høyrer på barna sine meiningar, men set og klare grenser
- legg til rette for at barna gjer lekser og fylgjer opp at leksene blir gjort
- arbeider for godt samarbeide mellom skulen og heimen
Vurdering i orden og åtferd
I forskriftene for åtferd og orden står det:
§ 3-5 Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen. Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre. Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr. Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag. I fastsetjinga av karakterane i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i orden og i åtferd.
1. Skolevegen
Elevar som nyttar skuleskyss, må rette seg etter dei reglar som gjeld for passasjerar og vise god framferd. Mistar ein eller øydelegg busskortet, må eleven betale kr. 150,- for å få nytt kort. Dei må og bruke gangfelt/undergang når dei kryssar riksvegen. Elevar som har hatt undervisning i samfunnshuset, skal bruke undergangen når dei skal til busshaldeplassen eller oppover Solsida.Brot på desse reglane kan føre til nedsett karakter i orden/åtferd.
2. Fråver
Etter fråver skal eleven ha med seg melding i kontaktboka om grunnen til fråveret, og kor lenge fråveret har vara. Meldinga skal vere underskriven av føresett. Eleven er og sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert om lekser, innleveringar osb.Ved ulovleg fråver skal dei føresette få melding om det, og det kan føre til nedsett karakter i orden/åtferd.
3. Fribeding
Skulen skal ha skriftleg melding i kontaktboka om ein elev skal takast ut av undervisninga. Vedkommande timelærar kan gje fri ein einskildtime. Kontaktlærar kan gje fri inntil ein dag, rektor inntil to veker. For lengre tidsrom må dei føresette sende grunngjeven søknad til administrasjonssjefen så snart som råd.4. Undervisning
Har ein elev ikkje gjort leksene til rett tid, skal han ha med seg skriftleg melding om grunnen. Meldinga skal leggjast fram for læraren før undervisninga tek til. Elevar som ikkje har gjort lekser til rett tid, kan bli sett til å gjere leksene på skulen i midttimen eller etter skulslutt. Skjer det ofte at ein elev ikkje gjer leksene, skal heimen bli varsla. All form for fusk/forsøk på fusk ved prøver/skrivedagar og ved innleveringar (t.d. klippe/lime frå Internett, avskrift av kjelder utan å vise at det er sitat) er forbode. Brot på dette vil kunne føre til nedsett karakter i orden etter at dei føresette er blitt varsla.5. Timane
Det skal vere arbeidsro i timane, og ein skal vise respekt for undervisninga. Ein skal møte presis til timar og avtalar. Har ein ærend ut, skal ein først få løyve av læraren før ein går. Søtsaker og brus skal ein ikkje bruke i timane. Inne skal ein bruke innesko, og ytterklede skal ein henge frå seg i gangen.
Straffesanksjonar for brot på desse reglane kan vere:
- munnleg/skriftleg åtvaring frå lærar
- munnleg/skriftleg åtvaring frå kontaktlærar/rektor
- bortvisning frå gruppa for resten av timen/arbeidsperioden. Rektor kan vise bort eleven for resten av skuledagen og inntil tre dagar
- nedsett karakter i orden/åtferd.
6. Øydelegging av ting på skulen
Far fint med inventar og materiell! Ein elev som øydelegg noko med uvørden framferd, kan bli sett til å rydde opp etter seg/utbetre skadane. I tillegg til dette kan han og bli erstatningsansvarleg for inntil kr. 5000,-. I tillegg skal dei føresette bli varsla, og det kan og føre til nedsett karakter i orden/åtferd.7. Friminutta
Elevane skal vere ute av klasseromma i friminutta. I friminuttet frå 10.30 – 10.40 skal alle elevane vere ute. I midttimen kan dei opphalde seg i kantina/biblioteket eller i gangane. Når elevane er inne, skal dei gå og snakke, ikkje springe og rope.
Det er ikkje lov å forlate skoleområdet i skuletida med mindre eleven har fått med løyve til det frå heimen. Dette inneber at ein ikkje kan gå på Bergom i skuletida. Bruker ein sykkel, skal han ikkje brukast i skuletida. Snøballkasting og ballspel er lovleg berre på tilvist plass.
Straffesanksjonar for brot på desse reglane kan vere:
- munnleg/skriftleg åtvaring frå lærar
- munnleg/skriftleg åtvaring frå kontaktlærar/rektor
- brev heim
- nedsett karakter i orden/åtferd
8. Mobiltelefon/databruk
Mobiltelefon skal vere slegen av i timane. Det er heller ikkje lov til å bruke MP3-/discmanspelar i timane. Læraren kan gjere unntak frå denne regelen dersom han meiner det ikkje er forstyrrande for undervisninga, men i alle tilfelle er det læraren som avgjer dette. Ved første og andre gongs brot på desse reglane, vil desse bli inndregne resten av dagen og levert inn til rektor. Ved seinare brot på regelen, vil dei bli inndregne heilt til ein av dei føresette kjem og hentar dei. Det er ikkje lov å nytte online-kommunikasjon (MSN, Facebook osv.) i skuletida.Ved bruk av dette på prøver, skrivedagar eller eksamen, vil dette bli sett på som juks/forsøk på juks. All bruk av Internett/Intranett på prøver og ved skrivedagar/eksamen er forbode med mindre det er oppgåver som krev slik bruk. Dette kan berre nyttast etter avtale med lærar.Det er ikkje lov å ha med på skulen våpen eller gjenstandar som kan nyttast til å skade medelevar. Slike gjenstandar vil straks bli inndregne, og dei føresette vil bli varsla.
Brot på desse reglane vil kunne føre til nedsett karakter i orden/åtferd.
9. Nytingsmiddel
All bruk av tobakk og rusmiddel er forbode på skuleområdet og ved turar og arrangement som skulen står for. Ved brot på desse reglane skal dei føresette bli varsla, og eleven vil få nedsett karakter i åtferd.10. Uønska/ulovleg framferd
All form for mobbing av medelevar/lærarar/andre i skulemiljøet er forbode. Det kan vere vald, rasistiske utsegn/handlingar, uhøvisk ordbruk, seksuell trakassering, sjikane på grunn av religion, livssyn osb. Skulen ser svært strengt på forfalsking av underskrift.
Straffesanksjonar for brot på desse reglane kan vere:
- munnleg/skriftleg åtvaring frå lærar
- munnleg/skriftleg åtvaring frå kontaktlærar/rektor
- brev heim
- bortvisning frå gruppa for resten av timen/arbeidsperioden. Rektor kan vise bort eleven for resten av skuledagen og inntil tre dagar
- nedsett karakter i åtferd
11. Føring av fråvær på vitnemålet
Alt fråvær for elevar skal frå 8. årstrinnet førast på vitnemålet. Fråværet skal førast i dagar og enkelttimar. Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på vitnemålet når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
For inntil 10 dagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført:
- dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
- innvilga permisjon etter opplæringslova §2-11
Lom, 24. 0ktober 2011