Framside/Tenester til deg/Biblioteket
Bjarne Eiolf Holø (1)

Ordførartreff 4. november

Hugs ordførartreffen på biblioteket første laurdag kvar månad frå kl. 11-13. Ordføraren og varaordføraren er opne for alle innspel; spørsmål, meiningar, ris, ros -alt vil desse to freiste gje svar på, eller ta imot og bringe vidare. Ikkje noko spørsmål er for lite eller for stort, inga meining er uvesentleg, alle aldersgrupper blir tekne på alvor. Møt opp og ta opp det du måtte ha på hjarta!

Laurdag 4. november er ordførar Bjarne Eiolf Holø på plass i sofaen. Velkomen innom!

Foto: Fjuken v/Hans Erik Kjosbakken

Tips ein ven Skriv ut