P2-lytternes romanpris

P2-lytternes romanpris 2010

P2-lytternes romanpris er ein skjønnlitterær pris som vert utdelt årleg av radiokanalen NRK P2. Ein fagjury på 5 medlemmar vel ut aktuelle bøker for premiering. Seks tilfeldige lyttarar skal plukke vinnarboka blant seks bøker utgjeve siste år. Dei diskuterer seg fram til resultatet i eit radioprogram på NRK P2. I år går kåringa av stabelen 6. februar. Prisen vart fyrste gong utdelt i 1998. Dei nominerte i år er: Nils Fredrik Dahl: Herre, Karl Ove Knausgård: Min kamp 1, Mirjam Kristensen: Et rikt liv, Britt Karin Larsen: det vokser et tre i Mostamägg, Atle Næss: Din nestes eiendom og Anne Oterholm: Toget fra Ajaccio. Kom og lån bøkene på biblioteket!
Les meir om bøkene her: P2-lytternes romanpris 2010. Prisvinnarar 1997 - 2008.