På biletet ser vi 3. klasse ved Loar skule på besøk på kontoret til administrasjonssjef Ola Helstad

På biletet ser vi 3. klasse ved Loar skule på besøk på kontoret til administrasjonssjef Ola Helstad unknown

På besøk i kommunehuset

3. klasse på Loar lærer om kommunen no. Tysdag 12. november var vi på besøk i kommunehuset og fekk helse på nokre av dei som jobbar der. Vi var og inne i kommunestyresalen og fekk svar på mange spørsmål om kommunen.

Her er 3. klasse innom kontoret til administrasjonssjef Ola Helstad

Vi har lært at landet vårt er delt opp i mange kommunar, nokre store og nokre små. Kommunen vår heiter Lom. Her bur det ikkje så mange folk, men alle i klassa vår bur i Lom kommune. Når det er val, blir nokre valde til å vere i kommunestyret. Ordføraren er sjefen. Kommunestyret er med og bestemmer kva skattepengane skal brukast til. Skattepengane blir brukt til mykje forskjellig mellom anna skulen, helseheimen, brøyting  av veg, vatn og kloakk.

Tips ein ven Skriv ut