Blide gutar på tur: frå venstre Asbjørn Grøna, Kristoffer Kroken og Ivar Fjeld

Blide gutar på tur: frå venstre Asbjørn Grøna, Kristoffer Kroken og Ivar Fjeld

På tur for å bli kjent med vatningskulturen

For litt sidan reiste heile Loar skule til fjells. 159 elevar, 3 assistentar, 18 lærarar, ein rektor og ei mor gjekk turen langs Nordstrond-vassvegen frå Soleggen til Skårådalen.

Blide gutar på tur, frå venstre Asbjørn Grøna, Kristoffer Kroken og Ivar Fjeld.

Målet for turen:

- Bli kjende med eit av kulturminna i Lom kommune
- Bli kjende med den gamle vatningskulturen i Lom
- Kjenne glede ved å vera i fysisk aktivitet
- Oppleva meistring på tur saman med alle på skulen
- Oppleve glede ved å vera ute i naturen

Turen gjekk i lang rekkje fram til Skårådalen.
Turen gjekk i lang, lang rekke

Eit viktig kulturminne

Denne vassvegen er eit av kulturminna i Lom kommune 2009. Ved Soleggen fortalde Rektor Marit Rossehaug om den gamle vatningskulturen i Lom. Lars Eivind innleia turen med "Fjelltrall" på blokkfløyte. Turen gjekk i lang rekkje fram til Skårådalen. Der var det ei god pause med grilling og leik. Det var og høve til å gå ein ekstra trimtur for å samle høgdemeter. Ein minnerik og lærerik tur i knallfint haustvèr.
Tips ein ven Skriv ut