Pengegåver til personalgrupper i pleie og omsorg

Pleie- og omsorgsavdelinga får mange pengegåver til både personalet og tenestene, noko vi set stor pris på.  Pengegåver til personalet er ofte gjeve til ei bestemt personalgruppe.

Det er nå innført fellesbruk av desse pengegåvene for alle tilsette i pleie og omsorg og det er oppnemnt ei sosialgruppe (ein representant  frå alle einingane) som planlegg/organiserer  bruk av pengane.  Kjøken, heimehjelper, fast vaktmeister, sjukeheimslege, vaskeri, administrasjon og fast reinhaldspersonell skal inkluderast. Alle er store og små brikker som bidreg i PO-puslespelet.

Tips ein ven Skriv ut