Planane for fleirbrukshall i Lom.

I forslaget til budsjett og økonomiplan for Lom kommune for 2010-2014 som ligg ute på høyring, ligg det inne forslag for utbygging av fleirbrukshall/vidaregåande skule lokalisert i saman med samfunnshuset i Grov. Utbyggingsplanane bygger på eit skisseprosjekt utarbeidd av RAM Arkitektur as på oppdrag frå Lom kommune. Planane omfattar fleirbrukshall som er bygd saman med Lom samfunnshus med påbygg av vidaregåande skule. Budsjettforslaget omfattar oppstart av eit forprosjekt i 2010 med ferdigstilling i 2012. Forslaget frå budsjettutvalet som formannskapet slutta seg til i møte 1. desember, omfattar utbygging etter det mest omfattande alternativet med ein utbyggingskostnad på kr. 84 millionar kronar.

Skisseprosjekt på oppdrag frå kommunestyret.

Oppdraget med skisseprosjektet som RAM Arkitektur as har gjennomført, var i utgangspunktet å gjere ei vurdering for bygging av fleirbrukshall ved Lom samfunnshus/Grov med bakgrunn i planane frå 2002. Arkitektfirmaet fekk i oppdrag å vurdere desse med grunnlag i oppdatering av planane til dagens krav og standardar. Og i samsvar med kommunestyrevedtak av 30.09.09 skulle også følgjande vurderast: • Tilrettelegging for drift av vidaregåande skule i eller ved fleirbrukshall • Tilrettelegging for tenestene (heilt eller delvis) som er planlagt ved helsesenteret i gjeldande plan, i eller ved fleirbrukshall. I tillegg har arkitektfirmaet fått i oppdrag å vurdere mogeleg sambruk med Lom samfunnshus, og eventuelle oppgraderingstiltak av samfunnshuset dette vil måtte medføre. Skisseprosjektet som er levert frå arkitektfirmaet, omfattar konsept for utbygging, byggeprogram, terrengmodell, vurdering av infrastruktur/parkering, teikningar og kostnadsoverslag. RAM Arkitektur as hadde berre tre veker til rådvelde for prosjektarbeidet. Da prosjektet vart presentert 17.11.09, sa formannskapet seg godt nøgd med det materialet som vart lagt fram, og konkluderte med at dette kunne gje kommunen grunnlag for behandling av prosjektet ved behandlinga av budsjett og økonomiplan.

Planane.

Skisseprosjektet frå RAM Arkitektur as omfattar fleirbrukshall som er bygd saman med Lom samfunnshus med påbygg av vidaregåande skule. Helsesenterfunksjonar er ikkje inkludert i planane. Arkitektfirmaet har konkludert med at samlokalisering med eit helsesenter m.a. ikkje vil vere teneleg med bakgrunn i tomte- og terrengforholda, infrastruktur, tekniske løysingar. og store kostnadar. Det framlagte skisseprosjektet omfattar utbygging av fleirbrukshall nord for nåverande samfunnshus med m.a. handballbane, garderobeanlegg, treningsrom, klatrevegg, tribune og lagerfunksjon. Kafé- og kantine er lokalisert i der veslesalen/kaféen er i dagens samfunnshus. Ein ser også for seg ei framtidig opprusting av storsalen i samfunnshuset med m.a. teleskoptribune med om lag 250 sitteplassar. Vidaregåande skule med tre klasserom, grupperom, lærarkontor, personalrom, arkiv og lagerrom, er dels er bygd inn i vestibyledelen av nåverande samfunnshus med tillegg av eit tilbygg på 7 meter mot sør. Med omsyn til samlokalisering av idrettshall, samfunnshus og vidaregåande skule, ser arkitektfirmaet store mogelegheiter for sambruk av kantine/kafé, toalettanlegg, garderobar, samtale- og møterom. Ved større idretts- og kulturarrangement ser ein også for seg at klasserom, personalrom og møterom kan nyttast av arrangementsstab og kanskje også for overnatting. Arkitektfirmaet har utarbeidd to alternativ til løysingar. Det mest omfattande, alternativ A, inneheld ein komplett fleirbrukshall med garderobar og treningsrom. Alternativ A er stipulert til ein totalkostnad på 84 millionar kronar inkl. mva. I alternativ B har ein lagt opp til å nytte eksisterande garderobeanlegg i samfunnshuset også til fleirbrukshallen. Alternativ B er stipulert til ein totalkostnad på 68,5 millionar kronar inkl. mva. I framlegg til budsjett og økonomiplan for perioden 2010-2014 er det lagt inn ei utbygging etter alternativ A med byggestart i 2011 og ferdigstilling i 2012. For 2010 er det budsjettert med 1,5 millionar kroner til gjennomføring av eit forprosjekt. Skisseprosjektet slik det ligg føre frå RAM Arkitektur as, kan du sjå ved å klikke: • Tekstdel • Teikningar

Tips ein ven Skriv ut