- Eg er glad for denne prisen, seier Morten Schakenda, men denne utmerkinga går ikkje berre til meg, men til alle oss på Bakeriet i Lom.
- Prispengane på 50.000 kroner skal gå til å stenge bakeriet eitt par dagar slik at vi alle kan dra på ein studietur. Vi veit ikkje enno kor vi skal dra, men vi skal sette oss ned saman for å planlegge dette, seier ein glad Morten Schakenda.
Til den nasjonale finalen
Innovasjon Norge deler kvart år ut Bygdeutviklingsprisen i kvart fylke i landet. I tillegg til diplom, heider og ære, får prisvinneran 50.000 kroner. Alle fylkesvinnarane går vidare til den nasjonale konkurransen "Skaperkraft", som vert arrangert i Oslo 24. november.
- Det er ein stor ære å få representere Oppland i den nasjonale finalen, seier Schakenda. Eg kjem nok til å vera til stades, og er spent på resultatet av den nasjonale finalen.11 kandidater
Det var 11 kandidatar som konkurrerte om BU-prisen for Oppland.
Juryen har lagt vekt på desse kriteriane:
- Økonomisk resultatet og lønnsemd
- Sysselsetting - særlig for kvinner og ungdom
- Sosial og miljømessig bærekraft, utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet
- Nyskaping og originalitet
 |
| Bakeriet i Lom |
Juryen si grunngjeving
- Juryen gjekk samrøystes inn for å gje BU-prisen for 2010 til Morten Schakenda - "Bakeren i Lom", sa fylkesordførar Audun Tron under utdelinga som gjekk føre seg på Skeikampen under Fylkesmannen sin landbruksfaglege samling.
Her er eit kort utdrag får grunnjevinga til juryen:
"Mesterkokken Morten Schakenda valgte bort Michelin-stjerner i hovedstaden til fordel for eget bakeri i Lom i Gudbrandsdalen. Der har han på få år skapt sin egen merkevare. ”Bakeren i Lom” er blitt et begrep langt ut over nærområdets grenser.”
Meir om prisutdelinga og heile grunngjevinga på nettstaden til Oppland fylkeskommune.