Morten Schakenda planlegg studietur for alle tilsette for prispengane

Morten Schakenda planlegg studietur for alle tilsette for prispengane

Morten Schakenda fekk bygdeutviklingsprisen for Oppland

Planlegg tur for dei tilsette for prispengane

- Eg er glad for denne prisen, seier Morten Schakenda, men denne utmerkinga går ikkje berre til meg, men til alle oss på Bakeriet i Lom.
- Prispengane på 50.000 kroner skal gå til å stenge bakeriet eitt par dagar slik at vi alle kan dra på ein studietur. Vi veit ikkje enno kor vi skal dra, men vi skal sette oss ned saman for å planlegge dette, seier ein glad Morten Schakenda.

Til den nasjonale finalen

Innovasjon Norge deler kvart år ut Bygdeutviklingsprisen i kvart fylke i landet. I tillegg til diplom, heider og ære, får prisvinneran 50.000 kroner. Alle fylkesvinnarane går vidare til den nasjonale konkurransen "Skaperkraft", som vert arrangert i Oslo 24. november. - Det er ein stor ære å få representere Oppland i den nasjonale finalen, seier Schakenda. Eg kjem nok til å vera til stades, og er spent på resultatet av den nasjonale finalen.

11 kandidater

Det var 11 kandidatar som konkurrerte om BU-prisen for Oppland.

Juryen har lagt vekt på desse kriteriane:

  • Økonomisk resultatet og lønnsemd
  • Sysselsetting - særlig for kvinner og ungdom
  • Sosial og miljømessig bærekraft, utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Nyskaping og originalitet
Bakeriet i Lom_800x533
Bakeriet i Lom

Juryen si grunngjeving

- Juryen gjekk samrøystes inn for å gje BU-prisen for 2010 til Morten Schakenda - "Bakeren i Lom", sa fylkesordførar Audun Tron under utdelinga som gjekk føre seg på Skeikampen under Fylkesmannen sin landbruksfaglege samling.

Her er eit kort utdrag får grunnjevinga til juryen:
"Mesterkokken Morten Schakenda valgte bort Michelin-stjerner i hovedstaden til fordel for eget bakeri i Lom i Gudbrandsdalen. Der har han på få år skapt sin egen merkevare. ”Bakeren i Lom” er blitt et begrep langt ut over nærområdets grenser.”

Meir om prisutdelinga og heile grunngjevinga på nettstaden til Oppland fylkeskommune.

Tips ein ven Skriv ut